Den noko forknytte litteraturstudenten Sigrid fell pladask for den tjue år eldre og anerkjende forfattaren Kåre Tryvle. Dei har eit skjelsettande møte der dei finn seg sjølve meir enn dei finn kvarandre. Trine er ein utagerande kunstnar som står føre sitt store gjennombrot, difor passar det svært dårleg at ho er høggravid med ein fråværande kurator. Heldigvis møter Trine den staute trelastarbeidaren Agnes (63), som trur ho snart skal døy og difor vil kontakte sin bortadopterte son. Ein ting har dei tre kvinnene felles dei famlar i blinde på jakt etter seg sjølve og lukka. Og under famlinga ligg eit sjølvironisk, feministisk opprop. Kvinner i for store herreskjorter er fritt basert på Gunnhild Øyehaugs roman Vente, blinke, som har begeistra kritikarar og lesarar sidan den kom ut i 2008. Kvinner i for store herreskjorter inneheld dessutan eit solid utval av bloggtekstar som Gunnhild Øyehaug skreiv under innspelinga av filmen og eit etterord der ho om skriv om prosessen med å ta eit stoff frå bok til film.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205484757
Publisert
2015-05-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolon
Vekt
286 gr
Høyde
205 mm
Bredde
128 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
235