Her er dei beste klippa frå fem år med komikeren Thomas Ryste og resten av gjengen i Klypa. Kven har ikkje sett Kjell "Kjellen" Bigset - verdens mest oppegåande (illsinte) bussjåfør i Fjord1. Bygderånaren Palle med sin lugubre geskjeft og sans for "kvins" og amerikanske bilar. Strila-Petter med sine flotte barndomsminner og heftige jakthistorier. I tillegg får du sjå mange morsomme klipp, bloopers og turnereportasje som ikkje tidlegare er vist på youtube.
"Hald på inkontinensbind og gebiss - denne får du garantert latterkrampe av." - Hasundgot frisinna eldrelag.
"Steik kor ej kjenne mej igjen" - Utflytta Åmdaling
"Kjellen e bare så lækker i Fjord1 uniformen - å så spiller han sånne hærlige svensktoppsvisker på bussen" - Busspendler i byn
Forlagets omtale: "Etter 5 år med mykje søl er svelerøra frå Klypa endeleg klar for oppsteiking. Ei fyldig natronbasert blanding av videosnuttar, standup og musikalske opplevingar samla på ei svele. Her er alle dei beste ingrediensane pressa inn for å få fram den spesielle Klypasmaken. Vel bekomme!"