Neil Armstrong var førstemann på månen. Ellen MacArthur segla jorda rundt heilt åleine gjennom storm og bølgjer. Og ingen har vore så djupt nede på havbotnen som James Cameron. I boka Ti ville ekspedisjonar møter vi desse og sju andre oppdagarar. Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende? Vi blir kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake. Ti ville ekspedisjonar fortel kunnskapsrikt og underhaldande om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. Dette er historier som kan utfordre unge lesarar, og som dei også kan kjenne seg igjen i.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197075
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
295 gr
Høyde
237 mm
Bredde
170 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
61

Forfatter
Illustratør

Relaterte produkter