Arne Hjeltnes visar fram sine favoritturar. 101 norske reiser alle kan oppleva. Ikkje dei dyraste, ikkje dei mest strabasiøse, men dei flottaste. Arne Hjeltnes har reist over heile landet sidan han vart fødd. Dei siste åra har han hatt som mål å vera innom alle norske fylke kvart år - og klart det. Han kjenner dei små trivelege hotella, dei flinkaste kokkane og dei artige opplevingane du bør få med deg. I eit gamalt slagord frå 1980-talet heitte det «Norge ditt nærmeste ferieland». Den gongen ville nordmenn helst ut i verda til Gran Canaria, Thailand eller Miami. No vil heile verda hit. Til nordlyset, fjordane, fjella og dei trivelege byane våre. Gong på gong kan me sjå at store utanlandske medier peikar på Noreg som det mest spanande reisemålet. Og nordmenn har absolutt oppdaga sitt eige land. Turane går like ofte innanlands for mange norske turistar. Det er eit fantastisk land å reisa i. Aktivitetar og opplevingar står i kø. Perlene er mange. Maten er strålande og naturen spektakulær. God tur!
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788248924166
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kagge
Vekt
1041 gr
Høyde
232 mm
Bredde
230 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
237

Forfatter