Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fagbøker Pedagogikk Generell pedagogikk Skrive for nåtid og framtid 1

    Skrive for nåtid og framtid 1

    Skrive for nåtid og framtid 1

    Skrive for nåtid og framtid 1 (skriving i arbeidsliv og skole)

    Levering 2-6 dager

    499,- Nå 432,-

    ISBN:

    9788251922159

    Forlag:

    Tapir akademisk forl.

    Trykkeår:

    2007

    Utgitt:

    2007

    Utgave:

    1

    Sider:

    374

    Vekt:

    722 gr

    Alder:

    Voksen

    Serie:

    Skrive for nåtid og framtid

    Språk:

    Bokmål, Nynorsk, Dansk og Svensk

    Skrive for nåtid og framtid 1
    Tapir akademisk forl.
    9788251922159

    Forlagets omtale:

    I oktober 2006 arrangerte skriveforskingsmiljøet i Trondheim to nordiske konferansar. Den første, "Skrive for nåtid og framtid", retta søkelyset mot dei behova for ny kunnskap om skriving i utdanning og yrkesliv som ein ser i samfunnet i dag. I den andre konferansen, "Skriving og rettleiing i høgre LES MER utdanning", låg vekta på akademiske tekstar og på å rettleie studentar i deira skriving. På begge konferansane vart det presentert interessant forsking. Bøkene Skrive for nåtid og framtid, bind 1 og 2, inneheld artiklar som byggjer på presentasjonar på konferansane. Bøkene viser breidda i nordisk skriveforsking i dag med artiklar som tar føre seg til dømes skriving blant arbeidarar i oljeindustrien, skriving på alle trinn i utdanningssystemet - frå barnehage til universitet, skriving i ulike sjangrar og modalitetar, bruk av skriving i ulike profesjonar, ulike måtar å drive skriveopplæring på, for å nemne noko. I tillegg inneheld bøkene artiklar som gir eit meir overordna perspektiv på ulike sider ved skriveforskingsfeltet. Såleis presenterer ein artikkel eit grundig historisk tilbakeblikk og gjer opp status om kor skriveforskinga står i dag, internasjonalt og i Norden; ein annan kastar nytt lys over forholdet mellom talt og skrive språk; ein tredje tar føre seg det teoretiske og epistemologiske grunnlaget for forståing av skriftlegheit i den felles europeiske referanseramma som utdanningane våre i dag må forhalde seg til. Til saman viser og problematiserer artiklane i dei to bøkene ulike teoretiske tilnærmingar i arbeid med skriving. Synnøve Matre er førsteamanuensis i norsk ved Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, Høgskolen i Sør-Trøndelag. Torlaug Løkensgard Hoel er professor innanfor norskdidaktikk ved Program for lærarutdanning, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Skriveforskingsmiljøet i Trondheim har eksistert i nærare 20 år. Hovudinteressefeltet har vore skriving i skolen. Miljøet kan vise til fleire doktorgrader, mykje forsking og stor aktivite... LES MINDRE Forlagets omtale I oktober 2006 arrangerte skriveforskingsmiljøet i Trondheim to nordiske konferansar. Den første, "Skrive for nåtid og framtid", retta søkelyset mot dei behova for ny kunnskap om skriving i utdanning og yrkesliv som ein ser i samfunnet i dag. I den andre konferansen, "Skriving og rettleiing i høgre utdanning", låg vekta på akademiske tekstar og på å rettleie studentar i deira skriving. På begge konferansane vart det presentert interessant forsking. Bøkene Skrive for nåtid og framtid, bind 1 og 2, inneheld artiklar som byggjer på presentasjonar på konferansane. Bøkene viser breidda i nordisk skriveforsking i dag med artiklar som tar føre seg til dømes skriving blant arbeidarar i oljeindustrien, skriving på alle trinn i utdanningssystemet - frå barnehage til universitet, skriving i ulike sjangrar og modalitetar, bruk av skriving i ulike profesjonar, ulike måtar å drive skriveopplæring på, for å nemne noko. I tillegg inneheld bøkene artiklar som gir eit meir overordna perspektiv på ulike sider ved skriveforskingsfeltet. Såleis presenterer ein artikkel eit grundig historisk tilbakeblikk og gjer opp status om kor skriveforskinga står i dag, internasjonalt og i Norden; ein annan kastar nytt lys over forholdet mellom talt og skrive språk; ein tredje tar føre seg det teoretiske og epistemologiske grunnlaget for forståing av skriftlegheit i den felles europeiske referanseramma som utdanningane våre i dag må forhalde seg til. Til saman viser og problematiserer artiklane i dei to bøkene ulike teoretiske tilnærmingar i arbeid med skriving. Synnøve Matre er førsteamanuensis i norsk ved Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, Høgskolen i Sør-Trøndelag. Torlaug Løkensgard Hoel er professor innanfor norskdidaktikk ved Program for lærarutdanning, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Skriveforskingsmiljøet i Trondheim har eksistert i nærare 20 år. Hovudinteressefeltet har vore skriving i skolen. Miljøet kan vise til fleire doktorgrader, mykje forsking og stor aktivite...