Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fagbøker Pedagogikk Generell pedagogikk Tid for tale

    Tid for tale

    Tid for tale

    Tid for tale (munnleg norsk i skolen, lydeksempel)

    Levering 2-6 dager

    199,- Nå 172,-

    ISBN:

    9788202245184

    Forlag:

    Cappelen akademisk

    Trykkeår:

    2004

    Utgitt:

    2004

    Utgave:

    1

    Vekt:

    96 gr

    Alder:

    Voksen

    Spilletid:

    00:01:19

    Serie:

    Tid for tale. Bok og CD

    Språk:

    Bokmål og Nynorsk

    Tid for tale
    Cappelen akademisk
    9788202245184

    Forlagets omtale:

    Munnlege "tekstar" er best i lydform! Denne CD-en inneheld lydeksempel til bruk saman med boka Tid for tale - munnleg norsk i skolen. Eksempla er henta frå profesjonelle innlesingar av prosa og lyrikk, utdrag frå radioprogram og debattar, samt autentiske opptak i klasserommet. Her kan du sjå og LES MER høyre korleis bok og CD kan brukast saman! Klikk på megafonikonet over for å høyre spor 25 på CD-en. Utdrag frå kapittel 4 i boka, analyse av korleis barn fortel: Når barn i førskole- og småskolealder fortel, spelar dei ofte på eit større ikkje-verbalt uttrykksregister enn dei eldre barna. Dei karakteriserer situasjonar og personar på ein meir levande og variert måte, noko som historiene om «De tre cola-flaskene» er eit godt eksempel på. Begge forteljarane hentar innhalds- og formelement frå eventyret «Dei tre bukkane Bruse» når dei fortel sine munnleg traderte versjonar. Guten på seks og eit halvt år er den som har ein klårast struktur på forteljinga, som har med seg mest av innhaldet og får klårast fram poenget. Den halvanna år yngre systera har også tids- og årsaksmessig samanheng i forteljinga; dei tre episodane blir fortalde i rett rekkjefølgje, men ho får ikkje med seg alle innhaldsmomenta - og lagar sin heilt eigen vri på avslutningspoenget. Men styrken i forteljinga hennar er den levande og uttrykksfulle måten ho framfører forteljinga på. Både etterlikninga av «stega» (klukk-klukk ...) og dramatiseringa av replikkane gir liv og sjarm til forteljinga. Også guten markerer overgangen mellom forteljing og replikk, men bruker ikkje like sterke klangfargar og like variert toneleie til å karakterisere personar og handlingar. Etter som barn blir eldre, har dei ein tendens til å moderere stemmeuttrykket til ein meir jamn talestraum. Desto viktigare er det at arbeidet med munnleg forteljing ikkje berre handlar om stoff, struktur og språk, men også om variert og uttrykksfull framføring. Utdrag frå kapittel 7 i boka, oppgåve til same forteljing: Samanlikn dei to vers... LES MINDRE Forlagets omtale Munnlege "tekstar" er best i lydform! Denne CD-en inneheld lydeksempel til bruk saman med boka Tid for tale - munnleg norsk i skolen. Eksempla er henta frå profesjonelle innlesingar av prosa og lyrikk, utdrag frå radioprogram og debattar, samt autentiske opptak i klasserommet. Her kan du sjå og høyre korleis bok og CD kan brukast saman! Klikk på megafonikonet over for å høyre spor 25 på CD-en. Utdrag frå kapittel 4 i boka, analyse av korleis barn fortel: Når barn i førskole- og småskolealder fortel, spelar dei ofte på eit større ikkje-verbalt uttrykksregister enn dei eldre barna. Dei karakteriserer situasjonar og personar på ein meir levande og variert måte, noko som historiene om «De tre cola-flaskene» er eit godt eksempel på. Begge forteljarane hentar innhalds- og formelement frå eventyret «Dei tre bukkane Bruse» når dei fortel sine munnleg traderte versjonar. Guten på seks og eit halvt år er den som har ein klårast struktur på forteljinga, som har med seg mest av innhaldet og får klårast fram poenget. Den halvanna år yngre systera har også tids- og årsaksmessig samanheng i forteljinga; dei tre episodane blir fortalde i rett rekkjefølgje, men ho får ikkje med seg alle innhaldsmomenta - og lagar sin heilt eigen vri på avslutningspoenget. Men styrken i forteljinga hennar er den levande og uttrykksfulle måten ho framfører forteljinga på. Både etterlikninga av «stega» (klukk-klukk ...) og dramatiseringa av replikkane gir liv og sjarm til forteljinga. Også guten markerer overgangen mellom forteljing og replikk, men bruker ikkje like sterke klangfargar og like variert toneleie til å karakterisere personar og handlingar. Etter som barn blir eldre, har dei ein tendens til å moderere stemmeuttrykket til ein meir jamn talestraum. Desto viktigare er det at arbeidet med munnleg forteljing ikkje berre handlar om stoff, struktur og språk, men også om variert og uttrykksfull framføring. Utdrag frå kapittel 7 i boka, oppgåve til same forteljing: Samanlikn dei to vers...