Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fagbøker Helse- og sosialfag Sykepleie Kroppsvask i sjukepleie

    Kroppsvask i sjukepleie

    Kroppsvask i sjukepleie

    Kroppsvask i sjukepleie (eit politisk og historisk perspektiv)

    Forfatter Akribe

    Levering 2-6 dager

    219,- Nå 189,-

    ISBN:

    9788279501503

    Forlag:

    Akribe

    Trykkeår:

    2011

    Utgitt:

    2011

    Utgave:

    1

    Sider:

    102

    Vekt:

    154 gr

    Alder:

    Voksen

    Kroppsvask i sjukepleie
    Akribe
    9788279501503

    Haugenboks omtale:

    Michel Foucault har argumentert for at makthavarar i moderne industrisamfunn med politiske og økonomiske motiv har utnytta ulike teoriar til å disiplinere innbyggjarane inn i bestemte kroppslege praksisar. Med Focaults argumentasjon som bakteppe, har forfattaren her analysert tilhøvet mellom kroppsv LES MER ask i sjukepleie, hygiene og behovsteori. Har litteraturliste. LES MINDRE Haugenboks omtale Michel Foucault har argumentert for at makthavarar i moderne industrisamfunn med politiske og økonomiske motiv har utnytta ulike teoriar til å disiplinere innbyggjarane inn i bestemte kroppslege praksisar. Med Focaults argumentasjon som bakteppe, har forfattaren her analysert tilhøvet mellom kroppsvask i sjukepleie, hygiene og behovsteori. Har litteraturliste.

    Forlagets omtale:

    Kroppsvask i sjukepleie er ei nedkorta og lettare gjennomarbeidd publisering av Jeanne Boge si pH.d.-avhandling «Kroppsvask i sjukepleia» (2008). Den franske filosofen Michel Foucault har vist korleis makthavarane i moderne industrisamfunn har utnytta ulike teoriar og kunnskapar politisk til å LES MER disiplinere innbyggjarane inn i bestemte kroppslege praksisar. Medan styresmaktene har prøvd å skape inntrykk av at disiplineringa har vore kunnskapsbasert, argumenterer Foucault for at motiva har vore politiske og økonomiske. Med denne argumentasjonen som bakteppe har Boge analysert tilhøvet mellom kroppsvask i sjukepleie, hygiene og behovsteori. Studien tek utgangspunkt i tre tidsepokar. Den første er frå om lag 1860 til 1911, då den moderne sjukepleia blei forma. Den andre er tida etter den andre verdskrigen, då faget tok til å omtale kroppsvask som personleg hygiene, og Hendersons behovsteori blei introdusert. Størstedelen av boka omfattar kroppslege vaskepraksisar i vår eiga tid. Analysane er basert på studiar om reinsemd, lærebøker i sjukepleie frå fortid og notid og på observasjonar og intervju av pleietrengande og pleiarar i ein norsk sjukeheim i 2002 og 2006. Boge diskuterer ikkje om kroppslege sjukepleiepraksisar er gode eller dårlege, men argumenterer for at sjukepleiefaget har blitt, og blir, forma av politiske føringar som er legitimerte ved hjelp av vitskap. Vona er at boka vil opne for nytenking i helsetenesta og for fleksibilitet i møte med pasientar som treng hjelp til kroppspleie. Teksten kan òg lesast som eit innspel i debatten om kunnskapsbasert sjukepleieundervisning og sjukepleiepraksis. Boka er aktuell for bachelorstudentar innan helsefaga og for alle som interesserer seg for norsk sosialhistorie. LES MINDRE Forlagets omtale Kroppsvask i sjukepleie er ei nedkorta og lettare gjennomarbeidd publisering av Jeanne Boge si pH.d.-avhandling «Kroppsvask i sjukepleia» (2008). Den franske filosofen Michel Foucault har vist korleis makthavarane i moderne industrisamfunn har utnytta ulike teoriar og kunnskapar politisk til å disiplinere innbyggjarane inn i bestemte kroppslege praksisar. Medan styresmaktene har prøvd å skape inntrykk av at disiplineringa har vore kunnskapsbasert, argumenterer Foucault for at motiva har vore politiske og økonomiske. Med denne argumentasjonen som bakteppe har Boge analysert tilhøvet mellom kroppsvask i sjukepleie, hygiene og behovsteori. Studien tek utgangspunkt i tre tidsepokar. Den første er frå om lag 1860 til 1911, då den moderne sjukepleia blei forma. Den andre er tida etter den andre verdskrigen, då faget tok til å omtale kroppsvask som personleg hygiene, og Hendersons behovsteori blei introdusert. Størstedelen av boka omfattar kroppslege vaskepraksisar i vår eiga tid. Analysane er basert på studiar om reinsemd, lærebøker i sjukepleie frå fortid og notid og på observasjonar og intervju av pleietrengande og pleiarar i ein norsk sjukeheim i 2002 og 2006. Boge diskuterer ikkje om kroppslege sjukepleiepraksisar er gode eller dårlege, men argumenterer for at sjukepleiefaget har blitt, og blir, forma av politiske føringar som er legitimerte ved hjelp av vitskap. Vona er at boka vil opne for nytenking i helsetenesta og for fleksibilitet i møte med pasientar som treng hjelp til kroppspleie. Teksten kan òg lesast som eit innspel i debatten om kunnskapsbasert sjukepleieundervisning og sjukepleiepraksis. Boka er aktuell for bachelorstudentar innan helsefaga og for alle som interesserer seg for norsk sosialhistorie.