Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Haugenbok.no Fagbøker Helse- og sosialfag Sykepleie Profesjonsetikk i sjukepleie

    Profesjonsetikk i sjukepleie

    Profesjonsetikk i sjukepleie

    Profesjonsetikk i sjukepleie

    Forfatter Samlaget

    (Einar Aadland - Forfatter)

    Samlaget

    (Amund Nitter - Illustratør)

    Samlaget

    På lager - sendes nå( 2 stk. )

    329,-

    ISBN:

    9788252194753

    Forlag:

    Samlaget

    Trykkeår:

    2019

    Utgitt:

    2019

    Utgave:

    1

    Sider:

    221

    Vekt:

    386 gr

    Alder:

    Voksen

    Profesjonsetikk i sjukepleie
    Samlaget
    9788252194753

    Forlagets omtale:

    Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis sjukepleieyrket skal utøvast. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg. I første del av boka blir det gjort LES MER greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar. Andre del av boka går inn på vanlege etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar. Etter ein gjennomgang av lovverk og profesjonsetiske retningslinjer blir utfordringar knytte til teieplikt, autonomi og tvang og andre sentrale tema grundig behandla. Her blir også tema som prioritering, lojalitet og varsling tekne opp, og gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennelege eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit eige kapittel til slutt i boka blir forskingsetikk behandla. Herdis Alvsvåg (f. 1952) er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen. Ho er utdanna sjukepleiar og sosiolog og har særleg arbeidd med ulike kunnskapsformer, omsorg, læring og danning. Alvsvåg har publisert fleire bøker og artiklar baserte på forsking på desse felta og har også vore redaktør for fleire utgivingar. Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytt mastergradprogrammet i «Verdibasert ledelse» og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing. LES MINDRE Forlagets omtale Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis sjukepleieyrket skal utøvast. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg. I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar. Andre del av boka går inn på vanlege etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar. Etter ein gjennomgang av lovverk og profesjonsetiske retningslinjer blir utfordringar knytte til teieplikt, autonomi og tvang og andre sentrale tema grundig behandla. Her blir også tema som prioritering, lojalitet og varsling tekne opp, og gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennelege eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit eige kapittel til slutt i boka blir forskingsetikk behandla. Herdis Alvsvåg (f. 1952) er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen. Ho er utdanna sjukepleiar og sosiolog og har særleg arbeidd med ulike kunnskapsformer, omsorg, læring og danning. Alvsvåg har publisert fleire bøker og artiklar baserte på forsking på desse felta og har også vore redaktør for fleire utgivingar. Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytt mastergradprogrammet i «Verdibasert ledelse» og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.