Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fagbøker Jus Fallrettar og ekspropriasjonserstatning

    Fallrettar og ekspropriasjonserstatning

    Fallrettar og ekspropriasjonserstatning

    Fallrettar og ekspropriasjonserstatning

    Forfatter Universitetsforl.

    På lager - sendes nå ( 3 stk. )

    699,-

    ISBN:

    9788215025810

    Forlag:

    Universitetsforl.

    Trykkeår:

    2016

    Utgitt:

    2016

    Utgave:

    1

    Sider:

    464

    Vekt:

    1009 gr

    Alder:

    Voksen

    Fallrettar og ekspropriasjonserstatning
    Universitetsforl.
    9788215025810

    Forlagets omtale:

    Fallrettar og ekspropriasjonserstatning handlar om erstatningsnivået for fallrettar i ekspropriasjonssaker. Frå 2008 og fram til i dag har ekspropriasjonsretten vorte lagt om som fylgje av rettspraksis frå Høgsterett. Samstundes har det skjedd ei utvikling i jordskifterettane: Bruksordningar vert LES MER vedtekne for å samla fallrettar, for slik å leggja til rette for kraftutbygging. Som i tradisjonelle ekspropriasjonssaker finn det i desse sakene stad eit eigedomsinngrep. Broch Hauge drøftar kva verknader dette bør få for kompensasjonsspørsmålet. Forfattaren tek føre seg både ny og gamal jordskiftelov. Idealnormanalyse blir brukt som metode for å vurdera og samanlikna dei to regelsetta. Forfattaren freistar å seia noko om korleis erstatningsnivået som blir handheva etter dei ulike regelsetta, reflekterer både samfunnsøkonomiske omsyn og visse rettferdsomsyn. Til slutt i boka tek forfattaren opp spørsmålet om erstatningsnivået for fallrettar og tilhøvet til Grunnlova § 105 og EMK TP 1-1. Ph.d. Katrine Broch Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsplanlegging, Seksjon for eigedom og juss, på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Her underviser ho mellom anna i faga ekspropriasjonsrett og jordskifte. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning vart skriven då Broch Hauge var stipendiat ved Institutt for privatrett, Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho er framleis knytt til Forskargruppa i naturressursrett ved Det juridiske fakultetet. LES MINDRE Forlagets omtale Fallrettar og ekspropriasjonserstatning handlar om erstatningsnivået for fallrettar i ekspropriasjonssaker. Frå 2008 og fram til i dag har ekspropriasjonsretten vorte lagt om som fylgje av rettspraksis frå Høgsterett. Samstundes har det skjedd ei utvikling i jordskifterettane: Bruksordningar vert vedtekne for å samla fallrettar, for slik å leggja til rette for kraftutbygging. Som i tradisjonelle ekspropriasjonssaker finn det i desse sakene stad eit eigedomsinngrep. Broch Hauge drøftar kva verknader dette bør få for kompensasjonsspørsmålet. Forfattaren tek føre seg både ny og gamal jordskiftelov. Idealnormanalyse blir brukt som metode for å vurdera og samanlikna dei to regelsetta. Forfattaren freistar å seia noko om korleis erstatningsnivået som blir handheva etter dei ulike regelsetta, reflekterer både samfunnsøkonomiske omsyn og visse rettferdsomsyn. Til slutt i boka tek forfattaren opp spørsmålet om erstatningsnivået for fallrettar og tilhøvet til Grunnlova § 105 og EMK TP 1-1. Ph.d. Katrine Broch Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsplanlegging, Seksjon for eigedom og juss, på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Her underviser ho mellom anna i faga ekspropriasjonsrett og jordskifte. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning vart skriven då Broch Hauge var stipendiat ved Institutt for privatrett, Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho er framleis knytt til Forskargruppa i naturressursrett ved Det juridiske fakultetet.