Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fagbøker Språk Litteraturhistorie Forteljingar om drap

    Forteljingar om drap

    Forteljingar om drap

    Forteljingar om drap (kriminalhistorier frå seinmellomalderen)

    Forfatter Fagbokforl.

    Levering 2-6 dager

    379,- Nå 328,-

    ISBN:

    9788276749717

    Forlag:

    Fagbokforl.

    Trykkeår:

    2003

    Utgitt:

    2003

    Utgave:

    1

    Sider:

    252

    Vekt:

    494 gr

    Alder:

    Voksen

    Serie:

    LNUs skriftserie (nr. 152)

    Forteljingar om drap
    Fagbokforl.
    9788276749717

    Forlagets omtale:

    - Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven. Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. LES MER Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550). Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud! Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting. Olav Solberg skriv engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier, som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie. Olav Solberg (f. 1942) har vore tilsett i NRK - radio, har vore lektor ved Bergen lærarskole, og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Olav Solberg er i dag professor ved Høgskolen i Telemark. Han har tidlegare publisert Den omsnudde verda. Ein studie i dei norske skjemteballadane (1993), Tekst møter tekst. Kristin Lavransdatter og mellomalderen (1997) og Norsk folkedikting. Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv (1999), forutan ei rad arbeid om litterære og kulturelle emne. LES MINDRE Forlagets omtale - Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven. Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550). Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud! Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting. Olav Solberg skriv engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier, som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie. Olav Solberg (f. 1942) har vore tilsett i NRK - radio, har vore lektor ved Bergen lærarskole, og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Olav Solberg er i dag professor ved Høgskolen i Telemark. Han har tidlegare publisert Den omsnudde verda. Ein studie i dei norske skjemteballadane (1993), Tekst møter tekst. Kristin Lavransdatter og mellomalderen (1997) og Norsk folkedikting. Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv (1999), forutan ei rad arbeid om litterære og kulturelle emne.