Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fagbøker Samfunnsvitenskap Statsvitenskap Klimapolitikk

    Klimapolitikk

    Klimapolitikk

    Klimapolitikk (samfunn og styring under eit klima i endring)

    Forfatter Abstrakt

    På lager - sendes nå ( 1 stk. )

    395,- Nå 342,-

    ISBN:

    9788279353751

    Forlag:

    Abstrakt

    Trykkeår:

    2015

    Utgitt:

    2015

    Utgave:

    1

    Sider:

    313

    Vekt:

    510 gr

    Alder:

    Voksen

    Klimapolitikk
    Abstrakt
    9788279353751

    Forlagets omtale:

    Klimapolitikk handlar om klimaproblemet som samfunnsproblem, politisk problem og styringsproblem. Den naturvitskaplege klimavitskapen fortel oss at vi ikkje lenger lever under eit stabilt og «naturleg» klima, men eit som er i endring på grunn av våre utslepp av klimagassar, av korleis vi forvaltar LES MER naturressursane på kloden. Vi lever under eit «hybridklima», som resultat av samspelet mellom natur og samfunn. Følgjeleg vil framtida ikkje berre gje oss eit anna klima, men eit klima som vil vere styrt av korleis vi styrer samfunnet. Det er korleis samfunnet handterer denne nye situasjonen som er tema for denne boka. Dette «nye» klimaet er ikkje berre - og kan hende ikkje først og fremst - eit miljøproblem. Det er minst like mykje eit komplekst og samansett samfunnsproblem. Klimavitskapen har vist at vi lever under eit menneskepåverka klima og at den globale oppvarminga kan få dramatiske konsekvensar for samfunn og natur. Men den kan ikkje svare på korleis samfunnet kan eller bør handtere problemet. Denne boka er eit forsøk på å ta tak i klimaproblemet der den naturvitskaplege klimavitskapen ikkje lenger kan gje svar: Korleis ser klimaproblemet ut som sosialt, kulturelt og politisk problem? Kva for konfliktar og motsetnadar utløyser ulike klimatiltak? Kvifor har ikkje Kyoto-strategien fungert? Korleis og kvifor kjem forsøk på å løyse klimaproblemet så ofte i konflikt med andre problem i samfunnet? Og kan hende det viktigaste spørsmålet er: Korleis kan og bør samfunnet møte ei framtid der det kan bli mogleg å manipulere klimaet? Klimapolitikk bygger på ein gjennomgang av norsk, men først og fremst internasjonal litteratur som argumenterer for at dagens rådande strategi om klimatiltak, basert på naturvitskapelege perspektiv, er eit blindspor. Denne litteraturen er mindre kjent i Noreg og boka bidrar til eit innblikk i diskusjonen. LES MINDRE Forlagets omtale Klimapolitikk handlar om klimaproblemet som samfunnsproblem, politisk problem og styringsproblem. Den naturvitskaplege klimavitskapen fortel oss at vi ikkje lenger lever under eit stabilt og «naturleg» klima, men eit som er i endring på grunn av våre utslepp av klimagassar, av korleis vi forvaltar naturressursane på kloden. Vi lever under eit «hybridklima», som resultat av samspelet mellom natur og samfunn. Følgjeleg vil framtida ikkje berre gje oss eit anna klima, men eit klima som vil vere styrt av korleis vi styrer samfunnet. Det er korleis samfunnet handterer denne nye situasjonen som er tema for denne boka. Dette «nye» klimaet er ikkje berre - og kan hende ikkje først og fremst - eit miljøproblem. Det er minst like mykje eit komplekst og samansett samfunnsproblem. Klimavitskapen har vist at vi lever under eit menneskepåverka klima og at den globale oppvarminga kan få dramatiske konsekvensar for samfunn og natur. Men den kan ikkje svare på korleis samfunnet kan eller bør handtere problemet. Denne boka er eit forsøk på å ta tak i klimaproblemet der den naturvitskaplege klimavitskapen ikkje lenger kan gje svar: Korleis ser klimaproblemet ut som sosialt, kulturelt og politisk problem? Kva for konfliktar og motsetnadar utløyser ulike klimatiltak? Kvifor har ikkje Kyoto-strategien fungert? Korleis og kvifor kjem forsøk på å løyse klimaproblemet så ofte i konflikt med andre problem i samfunnet? Og kan hende det viktigaste spørsmålet er: Korleis kan og bør samfunnet møte ei framtid der det kan bli mogleg å manipulere klimaet? Klimapolitikk bygger på ein gjennomgang av norsk, men først og fremst internasjonal litteratur som argumenterer for at dagens rådande strategi om klimatiltak, basert på naturvitskapelege perspektiv, er eit blindspor. Denne litteraturen er mindre kjent i Noreg og boka bidrar til eit innblikk i diskusjonen.