Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Haugenbok.no Fagbøker Språk Litteratur for barn og unge 2007

    Litteratur for barn og unge 2007

    Litteratur for barn og unge 2007

    Litteratur for barn og unge 2007 (årboka)

    Forfatter Samlaget

    (Karin Beate Vold - Redaktør)

    Samlaget

    Tomt hos leverandør, ny melding ventes 01.01.1970

    350,- Nå 299,-

    ISBN:

    9788252169843

    Forlag:

    Samlaget

    Trykkeår:

    2007

    Utgitt:

    2007

    Utgave:

    1

    Sider:

    200

    Vekt:

    323 gr

    Alder:

    Voksen

    Serie:

    Litteratur for barn og unge årbok

    Språk:

    Bokmål og Nynorsk

    Litteratur for barn og unge 2007
    Samlaget
    9788252169843

    Forlagets omtale:

    Årboka Litteratur for barn og unge har i år 10-årsjubileum. Ungdomslitteraturen har lenge synt ei spennande utvikling her til lands, både i motivområde, tematikk og skrivemåtar. Denne utgåva av Årboka Litteratur for barn og unge handlar om både norsk og nordisk ungdomslitteratur. Åse Marie LES MER Ommundsen drøftar tendensar som knyter ungdomslitteraturen til ei seinmoderne livkjensle, og årbokas portrettsamtale med Sverre Henmo gir innsyn i vurderingar og val hos ein mangfaldig forfattar som ønskjer å kommunisere med unge lesarar. I ei større drøfting av faglitteraturen for ungdom ser Nina Goga nærare på systematiseringa av denne litteraturen. Nettopp mangfaldet i den gjer den vrien å plassera, og kanskje kan dette vere eit kvalitetsteikn. Denne utgåva av årboka introduserer to nye faste postar. Den eine er "Nordiske nedslag", der årboka denne gongen presenterer nye forfattarnamn og trendar i dansk og svensk barne- og ungdomslitteratur. Den andre er "Ny litteratur 2006", der lesarane får eit oversyn over viktige boktypar og enkeltbøker i året som gjekk. Årboka inneheld dessutan to artiklar om bildebøker, ein artikkel om suksess for norsk barnelitteratur i utlandet, eit intervju med avtroppande barnebokredaktør Guri Vesaas og essay av Einar Økland, Finn Øglænd og Bjørn Ingvaldsen. Årboka Litteratur for barn og unge inneheld elles statistikk og fag- og forskingsbibliografi og er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar, forfattarar og alle andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur. Årboka Litteratur for barn og unge er eit forum for kritikk, forsking og formidling. Redaktørar: Per Olav Kaldestad har skrive fleire barne- og vaksenbøker. Han har i mange år arbeidd som norsklærar i lærarhøgskolen. Karin Beate Vold har lang erfaring med forsking og formidling av barne- og ungdomslitteratur. Ho er direktør for Norsk barnebokinstitutt (NBI). LES MINDRE Forlagets omtale Årboka Litteratur for barn og unge har i år 10-årsjubileum. Ungdomslitteraturen har lenge synt ei spennande utvikling her til lands, både i motivområde, tematikk og skrivemåtar. Denne utgåva av Årboka Litteratur for barn og unge handlar om både norsk og nordisk ungdomslitteratur. Åse Marie Ommundsen drøftar tendensar som knyter ungdomslitteraturen til ei seinmoderne livkjensle, og årbokas portrettsamtale med Sverre Henmo gir innsyn i vurderingar og val hos ein mangfaldig forfattar som ønskjer å kommunisere med unge lesarar. I ei større drøfting av faglitteraturen for ungdom ser Nina Goga nærare på systematiseringa av denne litteraturen. Nettopp mangfaldet i den gjer den vrien å plassera, og kanskje kan dette vere eit kvalitetsteikn. Denne utgåva av årboka introduserer to nye faste postar. Den eine er "Nordiske nedslag", der årboka denne gongen presenterer nye forfattarnamn og trendar i dansk og svensk barne- og ungdomslitteratur. Den andre er "Ny litteratur 2006", der lesarane får eit oversyn over viktige boktypar og enkeltbøker i året som gjekk. Årboka inneheld dessutan to artiklar om bildebøker, ein artikkel om suksess for norsk barnelitteratur i utlandet, eit intervju med avtroppande barnebokredaktør Guri Vesaas og essay av Einar Økland, Finn Øglænd og Bjørn Ingvaldsen. Årboka Litteratur for barn og unge inneheld elles statistikk og fag- og forskingsbibliografi og er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar, forfattarar og alle andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur. Årboka Litteratur for barn og unge er eit forum for kritikk, forsking og formidling. Redaktørar: Per Olav Kaldestad har skrive fleire barne- og vaksenbøker. Han har i mange år arbeidd som norsklærar i lærarhøgskolen. Karin Beate Vold har lang erfaring med forsking og formidling av barne- og ungdomslitteratur. Ho er direktør for Norsk barnebokinstitutt (NBI).

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.