Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Jordboka

    Jordboka

    Jordboka

    Jordboka (det fantastiske universet under føtene våre)

    Forfatter Forl. nyskaping

    På lager - sendes nå ( 2 stk. )

    399,-

    ISBN:

    9788269084603

    Forlag:

    Forl. nyskaping

    Trykkeår:

    2017

    Utgitt:

    2017

    Utgave:

    1

    Sider:

    222

    Vekt:

    629 gr

    Alder:

    Voksen

    Jordboka
    Forl. nyskaping
    9788269084603

    Forlagets omtale:

    "Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite." Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning i Jordboka. Under føtene våre finst det eit LES MER univers så enormt, rikt og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten. Jordboka er historier om menneske og mold. Om vart samspel og om brutal øydelegging. Først og fremst er dette likevel ei bok om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av matjord, fallande produktivitet i matproduksjonen, klimaendringar. Ny kunnskap viser korleis menneske og livet i molda kan spela saman. Med både berekraft og veldig grøde som resultat. Visste du at verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar? Dei har i staden rekruttert den mest intelligente hjelp og teknologi som er å få tak i, universet i molda. Denne hjelpa er gratis og fritt tilgjengeleg for alle. I boka møter du desse bøndene og elles ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid. Ein verkeleg grøn revolusjon er i emning. Jordboka fortel korleis DU kan ta del. Dei populærvitskaplege essaya i Jordboka er skrivne for eit breitt publikum. Dei inviterer til djup refleksjon over kva vår menneskelege oppgåve kan vera i det store økologiske spelet me kallar natur. LES MINDRE Forlagets omtale "Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite." Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning i Jordboka. Under føtene våre finst det eit univers så enormt, rikt og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten. Jordboka er historier om menneske og mold. Om vart samspel og om brutal øydelegging. Først og fremst er dette likevel ei bok om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av matjord, fallande produktivitet i matproduksjonen, klimaendringar. Ny kunnskap viser korleis menneske og livet i molda kan spela saman. Med både berekraft og veldig grøde som resultat. Visste du at verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar? Dei har i staden rekruttert den mest intelligente hjelp og teknologi som er å få tak i, universet i molda. Denne hjelpa er gratis og fritt tilgjengeleg for alle. I boka møter du desse bøndene og elles ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid. Ein verkeleg grøn revolusjon er i emning. Jordboka fortel korleis DU kan ta del. Dei populærvitskaplege essaya i Jordboka er skrivne for eit breitt publikum. Dei inviterer til djup refleksjon over kva vår menneskelege oppgåve kan vera i det store økologiske spelet me kallar natur.

    Emner: Miljøvern

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.