Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Ei verd i endring

    Ei verd i endring

    Ei verd i endring (den globale mellomalderen)

    Forfatter Dreyers forlag

    Levering 2-6 dager

    399,- Nå 349,-

    ISBN:

    9788282654906

    Forlag:

    Dreyers forlag

    Trykkeår:

    2020

    Utgitt:

    2020

    Utgave:

    1

    Sider:

    316

    Vekt:

    931 gr

    Alder:

    Voksen

    Ei verd i endring
    Dreyers forlag
    9788282654906

    Forlagets omtale:

    I takt med eit auka fokus på globalisering, har ulike variantar av globalhistorie også sett sitt preg på historiefaget og historieskriving. Denne forskinga er ofte tverrfagleg, spenner gjerne over fleire historiske periodar og har frå eit utgangspunkt i økonomisk og politisk historie i løpet av det LES MER siste tiåret i større grad femna om kulturhistoriske emne. Ei slik perspektivutviding har utvilsamt representert ein vekkjar for eit historiefag som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det nasjonale - og for så vidt også til det europeiske. Tilnærminga føyer seg inn under det som gjerne blir kalla «komparativ verdshistorie». I diskusjonen om globalhistoriske tilnærmingar blir denne ofte sett i motsetnad til «globalhistorie» - med den grunnleggjande skilnaden at «globalhistorie» først og fremst er oppteken med global utveksling og dialog. Sjølv om skiljet mellom tilnærmingane er overdrive, er det likevel slik at vekta på samanlikning skil tilnærmingane frå kvarandre. I ei syntetiserande framstilling vil synleggjering av likskapar og skilnader vere heilt grunnleggjande, men utan at dette treng å gå fullstendig på kostnad av eit fokus på global utveksling. Heile det første kapittelet tek i så måte opp både det kommunikative grunnlaget (framveksten av skriftkulturar) og ulike former for global utveksling - økonomisk i form av handelsnettverk og kulturelt i form av reisandes møter med andre kulturar. Ei verd i endring er den første syntetiserande framstillinga på norsk som tek opp globalhistorie i perioden frå kring 500 til 1500. LES MINDRE Forlagets omtale I takt med eit auka fokus på globalisering, har ulike variantar av globalhistorie også sett sitt preg på historiefaget og historieskriving. Denne forskinga er ofte tverrfagleg, spenner gjerne over fleire historiske periodar og har frå eit utgangspunkt i økonomisk og politisk historie i løpet av det siste tiåret i større grad femna om kulturhistoriske emne. Ei slik perspektivutviding har utvilsamt representert ein vekkjar for eit historiefag som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det nasjonale - og for så vidt også til det europeiske. Tilnærminga føyer seg inn under det som gjerne blir kalla «komparativ verdshistorie». I diskusjonen om globalhistoriske tilnærmingar blir denne ofte sett i motsetnad til «globalhistorie» - med den grunnleggjande skilnaden at «globalhistorie» først og fremst er oppteken med global utveksling og dialog. Sjølv om skiljet mellom tilnærmingane er overdrive, er det likevel slik at vekta på samanlikning skil tilnærmingane frå kvarandre. I ei syntetiserande framstilling vil synleggjering av likskapar og skilnader vere heilt grunnleggjande, men utan at dette treng å gå fullstendig på kostnad av eit fokus på global utveksling. Heile det første kapittelet tek i så måte opp både det kommunikative grunnlaget (framveksten av skriftkulturar) og ulike former for global utveksling - økonomisk i form av handelsnettverk og kulturelt i form av reisandes møter med andre kulturar. Ei verd i endring er den første syntetiserande framstillinga på norsk som tek opp globalhistorie i perioden frå kring 500 til 1500.

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.