Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Norwegen, schönes Land!

    Norwegen, schönes Land!

    Norwegen, schönes Land!

    Norwegen, schönes Land! (tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940-1945)

    Forfatter Samlaget

    På lager - sendes nå ( 1 stk. )

    429,- Nå 375,-

    ISBN:

    9788252192421

    Forlag:

    Samlaget

    Trykkeår:

    2017

    Utgitt:

    2017

    Utgave:

    1

    Sider:

    145

    Vekt:

    877 gr

    Alder:

    Voksen

    Språk:

    Nynorsk og Tysk

    Norwegen, schönes Land!
    Samlaget
    9788252192421

    Forlagets omtale:

    Norske motiv skildra av tyske soldatkunstnarar. Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i LES MER tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift. Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var. Målgruppa var eit tysk publikum - ved at okkupantane sende postkort eller fine kunstmapper til slekt og venner i heimlanda, men reproduksjonane var også til sals i Tyskland. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Jæren, Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør, via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik, Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket. LES MINDRE Forlagets omtale Norske motiv skildra av tyske soldatkunstnarar. Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift. Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var. Målgruppa var eit tysk publikum - ved at okkupantane sende postkort eller fine kunstmapper til slekt og venner i heimlanda, men reproduksjonane var også til sals i Tyskland. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Jæren, Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør, via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik, Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket.

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.