Hvorfor registrere deg?
Haugenbok.no› Skjønnlitteratur› Biografier og memoarer› Olav Gullvåg
På lager - sendes nå( 4 stk. )
300,- Nå 99,-
ISBN: |
9788270834723 |
Forlag: |
Snøfugl |
Trykkeår: |
2015 |
Utgitt: |
2015 |
Utgave: |
1 |
Sider: |
178 |
Vekt: |
715 gr |
Alder: |
Voksen |
Pressemannen og forfattaren Olav Gullvåg (1885 - 1961) delte livet sitt i to. I den første delen vart den trønderske skomakarsonen journalist og redaktør i ei landsmålspresse under etablering. Han markerte seg snart som ein aktiv og ofte hardtslåande «bladmann» i Trøndelag, på Vestlandet og i … LES MER Telemark. Først og fremst var det til støtte for landsmålet og radikal venstrepolitikk, og han gjekk til og med i fengsel i kampen for ein rett ferdig språkpolitikk. Denne delen av livet vart avslutta med ein fottur med familien gjennom Danmark, Tyskland og til Nord-Italia, der Gullvåg-familien budde i to år. Frå rundt 1930 dominerte «bokmannen», med førstepris i konkurransen om kantate til 900-årsjubileet i Nidaros i 1930, med romanserien «Det byrja ei jonsoknatt » frå 1937, ei rad diktsamlingar, og ikkje minst med «Spelet om Heilag Olav» (Stiklestadspelet) frå 1954. Med romanserien fekk Gullvåg eit internasjonalt gjennombrot, spesielt i Tyskland. Eivind Hasle, pensjonert lektor og skolebyråkrat, har som norskfilolog, historikar - og barnebarn av Olav Gullvåg - hatt eit rikt tilfang å trekke på i arbeidet med biografien. Livshistoria til Olav Gullvåg gir på fleire område interessant og utfyllande kunnskap om språk-, kultur- og litteratur- historia i landet vårt første del av 1900-talet. LES MINDRE
Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!