Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fakta Med hjarte for arven

    Med hjarte for arven

    Med hjarte for arven

    Med hjarte for arven (Storfjordens Venner 40 år - 1975-2015)

    Levering 2-12 dager

    390,-

    ISBN:

    9788299375610

    Trykkeår:

    2015

    Utgitt:

    2015

    Med hjarte for arven
    9788299375610

    Haugenboks omtale:

    Med hjarte for arven er ei bok om Storfjordens Venner - ein ideell organisasjon med føremål å bevare dei veglause fjell- og fjordgardane langs Storfjorden på Sunnmøre. Utover 1900-talet vart desse gardane fråflytta, ein etter ein, og meir eller mindre overlatne til seg sjølve. Forfallet på bygninga LES MER r, stiar og innmark auka år for år. Eigarane sleit tungt med vedlikehald, oppgåva var nærast uendeleg stor, og fritida uendeleg lita. Mange av kulturminna frå denne levemåten gjekk tapt for alltid, andre var i ferd med å forsvinne. Slik vart den nære historia vår viska vekk av regn og vind. På denne bakgrunnen vart Storfjordens Venner skipa i 1975. Det vart bygt ein solid organisasjon der dugnad var grunnsteinen. Kvart år er eitt eller fleire kulturminne redda for framtida. Foreininga sitt motto er «Vern vår arv» og dette forpliktar til å oppnå resultat. Resultat har det blitt. 120 prosjekt er gjennomførte, og nær 20 millionar kroner er investerte. I tillegg kjem uteljande tal med dugnadstimar. Gjennom åra har foreininga utvikla seg frå å vere ein rein dugnadsorganisasjon til å nytte dyktige restaureringshandverkarar og samarbeide tett med fylkeskonservatoren. Men dugnadstradisjonen er levande og ein viktig del av alle foreininga sine restaureringsprosjekt. Storfjordens Venner har vist seg å vere ein målretta og seriøs aktør innanfor kulturvernet. Med hjarte for arven fortel soga om Storfjordens Venner, og restaureringsprosjekta foreiningar har utført er for første gong presentert samla. Boka gir også kulturhistoriske tilbakeblikk på livet langs Storfjorden. Bidragsytarar er historikar Eldar Høidal og storfjordvenane Harald Kjølås, Helge Søvik og Bjørn Steinar Skarbø. Fotograf Per Eide har teke nye bilete til boka. Boka er for alle med interesse for kulturarv og med eit hjarte for kulturarven i Storfjorden, i det som no er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. LES MINDRE Haugenboks omtale Med hjarte for arven er ei bok om Storfjordens Venner - ein ideell organisasjon med føremål å bevare dei veglause fjell- og fjordgardane langs Storfjorden på Sunnmøre. Utover 1900-talet vart desse gardane fråflytta, ein etter ein, og meir eller mindre overlatne til seg sjølve. Forfallet på bygninga r, stiar og innmark auka år for år. Eigarane sleit tungt med vedlikehald, oppgåva var nærast uendeleg stor, og fritida uendeleg lita. Mange av kulturminna frå denne levemåten gjekk tapt for alltid, andre var i ferd med å forsvinne. Slik vart den nære historia vår viska vekk av regn og vind. På denne bakgrunnen vart Storfjordens Venner skipa i 1975. Det vart bygt ein solid organisasjon der dugnad var grunnsteinen. Kvart år er eitt eller fleire kulturminne redda for framtida. Foreininga sitt motto er «Vern vår arv» og dette forpliktar til å oppnå resultat. Resultat har det blitt. 120 prosjekt er gjennomførte, og nær 20 millionar kroner er investerte. I tillegg kjem uteljande tal med dugnadstimar. Gjennom åra har foreininga utvikla seg frå å vere ein rein dugnadsorganisasjon til å nytte dyktige restaureringshandverkarar og samarbeide tett med fylkeskonservatoren. Men dugnadstradisjonen er levande og ein viktig del av alle foreininga sine restaureringsprosjekt. Storfjordens Venner har vist seg å vere ein målretta og seriøs aktør innanfor kulturvernet. Med hjarte for arven fortel soga om Storfjordens Venner, og restaureringsprosjekta foreiningar har utført er for første gong presentert samla. Boka gir også kulturhistoriske tilbakeblikk på livet langs Storfjorden. Bidragsytarar er historikar Eldar Høidal og storfjordvenane Harald Kjølås, Helge Søvik og Bjørn Steinar Skarbø. Fotograf Per Eide har teke nye bilete til boka. Boka er for alle med interesse for kulturarv og med eit hjarte for kulturarven i Storfjorden, i det som no er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.