Ny kunde? Registrer deg her!

Hvorfor registrere deg?

  • Raskere utsjekk
  • Se logg over tidligere kjøp
  • Motta gode tilbud og anbefalinger
Registrer deg her
Velg kundetype:
E-post:

Haugenbok.no Fagbøker Estetiske fag Anders Hovden

Anders Hovden

Anders Hovden

Anders Hovden (salmar i samling)

Forfatter Stiftinga Ørsta næringskontor

(Jan Einar Holsen - Redaktør)

Stiftinga Ørsta næringskontor

På lager - sendes nå ( 10+ stk. )

388,-

ISBN:

9788230329306

Forlag:

Stiftinga Ørsta næringskontor

Trykkeår:

2015

Utgitt:

2015

Utgave:

1

Sider:

416

Vekt:

600 gr

Alder:

Voksen

Anders Hovden
Stiftinga Ørsta næringskontor
9788230329306

Forlagets omtale:

Anders Hovden er ein av dei mest markante salmediktarane som voks opp på 1800-talet. Han vart fødd i Ørsta på Sunnmøre 13. april 1860, for vel 150 år sidan. Då han døydde i 1943, etterlet han seg både salmar, dikt, forteljingsbøker og preikesamlingar. Han hadde det ikkje alltid lett. Det var små LES MER kår der han kom frå på 1860-talet. Faren døydde tidleg då Anders berre var 16 år gammal. Studietida i Kristiania var også prega av lange periodar med svolt og små kår. Men han vart etter kvart ferdig med studia sine, og vart prest på Lista, i Krødsherad, Melhus og Østre Toten. Hovden var ein føregangsmann for bruken av nynorsk i kyrkjeleg samaheng, sjølv om dette ikkje alltid var det lettaste. Han var mykje godt likt på dei stadene han var prest. Det var jamvel nokre som ville ha Hovden til å stille som bispekandidat til Nidaros. Anders Hovden var ein av utgjevarane av Nynorsk Salmebok. Han var også med i komitéen som reviderte Landstads Salmebok. Under dette arbeidet sa Hovden: «Her lyt me fara mykje varsamt fram. Å røra ved salmar er som å røra ved eit fivrelde (sommarfugl). Du kan lett skada det, eller og beintfram drepa det». Korleis er så denne boka laga? Det er mange måtar å setje saman ei salmebok på. Nynorsk Salmebok, Landstads salmebøker og Norsk Salmebok er ordna tematisk etter kyrkjeåret, gudstenesta og kyrkjelege hovudtema. Men i denne utgåva av nær sagt alle Anders Hovdens salmar er dette gjort på ein annan måte: Med eitt unntak er salmane ordna i alfabetisk rekkjefylgje: Sist i boka står den siste salmen Hovden skreiv den 25. februar 1943, ni månader før han døydde. Salmen har overskrifta «Bru», og kan stå som ein optimistisk sluttstein for Anders Hovdens salmedikting. Boka inneheld 388 salmar som Hovden har skrive sjølv eller omsett til nynorsk. LES MINDRE Forlagets omtale Anders Hovden er ein av dei mest markante salmediktarane som voks opp på 1800-talet. Han vart fødd i Ørsta på Sunnmøre 13. april 1860, for vel 150 år sidan. Då han døydde i 1943, etterlet han seg både salmar, dikt, forteljingsbøker og preikesamlingar. Han hadde det ikkje alltid lett. Det var små kår der han kom frå på 1860-talet. Faren døydde tidleg då Anders berre var 16 år gammal. Studietida i Kristiania var også prega av lange periodar med svolt og små kår. Men han vart etter kvart ferdig med studia sine, og vart prest på Lista, i Krødsherad, Melhus og Østre Toten. Hovden var ein føregangsmann for bruken av nynorsk i kyrkjeleg samaheng, sjølv om dette ikkje alltid var det lettaste. Han var mykje godt likt på dei stadene han var prest. Det var jamvel nokre som ville ha Hovden til å stille som bispekandidat til Nidaros. Anders Hovden var ein av utgjevarane av Nynorsk Salmebok. Han var også med i komitéen som reviderte Landstads Salmebok. Under dette arbeidet sa Hovden: «Her lyt me fara mykje varsamt fram. Å røra ved salmar er som å røra ved eit fivrelde (sommarfugl). Du kan lett skada det, eller og beintfram drepa det». Korleis er så denne boka laga? Det er mange måtar å setje saman ei salmebok på. Nynorsk Salmebok, Landstads salmebøker og Norsk Salmebok er ordna tematisk etter kyrkjeåret, gudstenesta og kyrkjelege hovudtema. Men i denne utgåva av nær sagt alle Anders Hovdens salmar er dette gjort på ein annan måte: Med eitt unntak er salmane ordna i alfabetisk rekkjefylgje: Sist i boka står den siste salmen Hovden skreiv den 25. februar 1943, ni månader før han døydde. Salmen har overskrifta «Bru», og kan stå som ein optimistisk sluttstein for Anders Hovdens salmedikting. Boka inneheld 388 salmar som Hovden har skrive sjølv eller omsett til nynorsk.

Emner: Salmer

Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.