Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Fagbøker Religion, historie og filosofi Kulturhistorie Hå kulturhistorie

    Hå kulturhistorie

    Hå kulturhistorie

    Hå kulturhistorie (band 3, frå 1870 til 1945)

    Levering 2-6 dager

    450,-

    ISBN:

    9788232102303

    Forlag:

    Fagbokforl.

    Trykkeår:

    2014

    Utgitt:

    2014

    Utgave:

    1

    Sider:

    517

    Vekt:

    1885 gr

    Alder:

    Voksen

    Serie:

    Hå kulturhistorie. Band 1-4 (nr. 3)

    Hå kulturhistorie
    Fagbokforl.
    9788232102303

    Forlagets omtale:

    Dette er det tredje bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. LES MER Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. I tekst og bilete vil Hå kulturhistorie fortelja om fortida og visa samanhengar mellom fortid og notid. Dette bandet byrjar med eit breitt oversyn over utviklinga i Hå frå siste halvdel av 1800-talet til slutten på andre verdskrigen. I denne perioden skjer det dramatiske endringar på Jæren. Samfunnet går over frå å vera eit småskalasamfunn der dei lokale tilhøva set grenser for livet på staden, til å vera eit massesamfunn der ein stadig meir blir involvert i verdssamfunnet. I Hå endra næringslivet seg: jordbruket med auke i mjølkeproduksjonen, oppretting av meieri og nye jordbruksmaskinar, handelen med fleire handelsmenn, handelslag og forbruksforeiningar og industrien med teglverk og tare- og trevareindustri. I 1878 kom Jærbanen og framveksten av stasjonsbyane Nærbø, Varhaug og Vigrestad. Kommunevesenet og kommuneoppgåvene blei annleis. Fråhaldslag og misjonsforeiningar vart oppretta. Me ser korleis standpunkt endra seg over tid i denne perioden, ikkje minst i synet på kva kvinnerolla kunne vera; i 1913 fekk kvinnene ålmenn røysterett. Denne perioden inneheld to av dei mest dramatiske hendingane som har råka landet vårt verdskrigane. Under andre verdskrigen fann det stad noko som skaka Hå-samfunnet og vart eit sårt punkt lenge etter krigen avrettinga av 15 unge jærbuar som skulle flykta til England. LES MINDRE Forlagets omtale Dette er det tredje bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. I tekst og bilete vil Hå kulturhistorie fortelja om fortida og visa samanhengar mellom fortid og notid. Dette bandet byrjar med eit breitt oversyn over utviklinga i Hå frå siste halvdel av 1800-talet til slutten på andre verdskrigen. I denne perioden skjer det dramatiske endringar på Jæren. Samfunnet går over frå å vera eit småskalasamfunn der dei lokale tilhøva set grenser for livet på staden, til å vera eit massesamfunn der ein stadig meir blir involvert i verdssamfunnet. I Hå endra næringslivet seg: jordbruket med auke i mjølkeproduksjonen, oppretting av meieri og nye jordbruksmaskinar, handelen med fleire handelsmenn, handelslag og forbruksforeiningar og industrien med teglverk og tare- og trevareindustri. I 1878 kom Jærbanen og framveksten av stasjonsbyane Nærbø, Varhaug og Vigrestad. Kommunevesenet og kommuneoppgåvene blei annleis. Fråhaldslag og misjonsforeiningar vart oppretta. Me ser korleis standpunkt endra seg over tid i denne perioden, ikkje minst i synet på kva kvinnerolla kunne vera; i 1913 fekk kvinnene ålmenn røysterett. Denne perioden inneheld to av dei mest dramatiske hendingane som har råka landet vårt verdskrigane. Under andre verdskrigen fann det stad noko som skaka Hå-samfunnet og vart eit sårt punkt lenge etter krigen avrettinga av 15 unge jærbuar som skulle flykta til England.