Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Nynorskens lys

    Nynorskens lys

    Nynorskens lys

    Nynorskens lys (eit essay)

    Forfatter Samlaget

    Forventes i salg 08.10.2018

    349,- Nå 305,-

    ISBN:

    9788252195842

    Forlag:

    Samlaget

    Trykkeår:

    2018

    Utgitt:

    2018

    Utgave:

    1

    Alder:

    Voksen

    Nynorskens lys
    Samlaget
    9788252195842

    Forlagets omtale:

    Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset? Nynorsk er eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser LES MER føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk. I denne boka undersøkjer Morten Søberg påstanden om at nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk. Den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 - ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I 1894 vedtok Stortinget den fyrste lova på det nye språket: Ho avløyste lokale tider og innførte nasjonal fellestid. I dag er nynorsk etablert som eit norsk mindretalsspråk med nokre bestemte særtrekk. Den nynorske skriftkulturen er ei langvarig påminning om at fleirtalet ikkje alltid har rett, han viser at det finst alternative språklege fakta, røynsler og tankar. Det er noko kjettersk ved nynorsken. Ein kan seie at grunndraga ved språket samsvarer med sjangerkrava til essayet. Ja, at djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vera ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande - samtalande skrift. LES MINDRE Forlagets omtale Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset? Nynorsk er eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk. I denne boka undersøkjer Morten Søberg påstanden om at nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk. Den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 - ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I 1894 vedtok Stortinget den fyrste lova på det nye språket: Ho avløyste lokale tider og innførte nasjonal fellestid. I dag er nynorsk etablert som eit norsk mindretalsspråk med nokre bestemte særtrekk. Den nynorske skriftkulturen er ei langvarig påminning om at fleirtalet ikkje alltid har rett, han viser at det finst alternative språklege fakta, røynsler og tankar. Det er noko kjettersk ved nynorsken. Ein kan seie at grunndraga ved språket samsvarer med sjangerkrava til essayet. Ja, at djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vera ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande - samtalande skrift.

    Emner: Nynorsk

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.