Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Haugenbok.no Fagbøker Religion, historie og filosofi Kunsthistorie Å samla kunst

    Å samla kunst

    Å samla kunst

    Å samla kunst (samlingsutvikling ved norske kunstmuseum på 2000-talet)

    Forfatter Kulturrådet

    Tomt hos leverandør, ny melding ventes 01.01.1970

    249,- Nå 218,-

    ISBN:

    9788270811915

    Forlag:

    Kulturrådet

    Trykkeår:

    2019

    Utgitt:

    2019

    Utgave:

    1

    Sider:

    146

    Vekt:

    495 gr

    Alder:

    Voksen

    Å samla kunst
    Kulturrådet
    9788270811915

    Forlagets omtale:

    Museum for visuell kunst skil seg frå andre museum ved at dei samlar på kunst frå vår eiga tid. Dei er såleis viktige medspelarar i dagens kunstliv, og interessa for korleis dei utøver denne rolla, er stor og til tider støyande. Ikkje minst gjeld det spørsmål rundt kva dei ervervar og ikkje LES MER ervervar til samlingane, og måten det blir gjort på. I denne rapporten blir inntakspraksisen mellom år 2000 og 2016 i 14 kunstmuseum i Noreg kartlagt. I tillegg til musea sine eigne prioriteringar tar rapporten opp kva slags kunst musea har fått overført frå Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk, Sparebankstiftelsen og Kulturrådet si nedlagde innkjøpsordning. Korleis unge kunstnarar er representerte, samtidskunsten sin plass og kjønnsfordelinga i samlingane er spørsmål som står sentralt. Rapporten viser også kor lite synleg samlingspraksisen til musea har vore hittil. Museumssamlingane tener som vår felles minnebank. Difor bør det stadig reisast spørsmål ved korleis musea utøver makta dei har som historieskrivarar og minneforvaltarar. I seinare år har private samlarar sett stadig sterkare avtrykk i dei offentlege musea gjennom donasjonar og langtidslån. Eit aktuelt spørsmål er difor om det i dag er desse privatsamlarane som er blitt premissleverandørar for historieskrivinga. Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast Kunstnardrivne visningsrom (2017) og oversiktsverket Bård Breivik som ho redigerte i 2016. LES MINDRE Forlagets omtale Museum for visuell kunst skil seg frå andre museum ved at dei samlar på kunst frå vår eiga tid. Dei er såleis viktige medspelarar i dagens kunstliv, og interessa for korleis dei utøver denne rolla, er stor og til tider støyande. Ikkje minst gjeld det spørsmål rundt kva dei ervervar og ikkje ervervar til samlingane, og måten det blir gjort på. I denne rapporten blir inntakspraksisen mellom år 2000 og 2016 i 14 kunstmuseum i Noreg kartlagt. I tillegg til musea sine eigne prioriteringar tar rapporten opp kva slags kunst musea har fått overført frå Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk, Sparebankstiftelsen og Kulturrådet si nedlagde innkjøpsordning. Korleis unge kunstnarar er representerte, samtidskunsten sin plass og kjønnsfordelinga i samlingane er spørsmål som står sentralt. Rapporten viser også kor lite synleg samlingspraksisen til musea har vore hittil. Museumssamlingane tener som vår felles minnebank. Difor bør det stadig reisast spørsmål ved korleis musea utøver makta dei har som historieskrivarar og minneforvaltarar. I seinare år har private samlarar sett stadig sterkare avtrykk i dei offentlege musea gjennom donasjonar og langtidslån. Eit aktuelt spørsmål er difor om det i dag er desse privatsamlarane som er blitt premissleverandørar for historieskrivinga. Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast Kunstnardrivne visningsrom (2017) og oversiktsverket Bård Breivik som ho redigerte i 2016.

    Emner: Kunst Museer

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.