Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Haugenbok.no Fagbøker Estetiske fag Foto / film Frå Lonevåg til Hollywood

    Frå Lonevåg til Hollywood

    Frå Lonevåg til Hollywood

    Frå Lonevåg til Hollywood (bygdeurbanist med skrivekløe)

    Forfatter Leirfuglen forlag

    Levering 2-12 dager

    250,-

    ISBN:

    9788269062632

    Forlag:

    Leirfuglen forlag

    Trykkeår:

    2019

    Utgitt:

    2019

    Utgave:

    1

    Sider:

    192

    Vekt:

    408 gr

    Alder:

    Voksen

    Frå Lonevåg til Hollywood
    Leirfuglen forlag
    9788269062632

    Forlagets omtale:

    Møt filmelskaren, musikaren og bygdeurbanisten Kurt Olav Helle, 5282 Lonevåg. «Norges mest profesjonelle leserbrevskribent», har Finn Bjelke kalla han. «Ett leserbrev til, og vi kommer ut på Osterøy for å skambanke både deg og sjefen for bygdekinoen din», skreiv redaksjonen i Natt & Dag i 1997. LES MER Det vert sagt om Kurt Olav Helle at han skriv fortare enn sin eigen skugge. Boka er eit overflødigheitshorn av gullkorn, sitat, lesarbrev, kåseri og essay frå heile hans veldige produksjon. Den er også ei reise i Kurt Olavs elleville filmunivers; der liv og draumar blir fletta saman i dokumentarfilmane "Kule Kurt - Cowboyen fra Lonevåg" og "Kule Kurt 2 - Cowboyen drar til Hollywood". I dei første lesarbreva i Dagbladet mot slutten av 80-talet tok han skrekkfilmen i forsvar. Statens filmkontroll og NRK fekk det glatte lag. Seinare vart han spaltist og flittig skribent i Filmmagasinet, musikkavisa Beat, Natt & Dag, Dagbladet, VG, Bergens Tidende, Bergensavisen, Nationen og lokalaviser som Bygdanytt, Strilen og Ostringen. Redaktør Nils Rune Langeland i Syn og Segn trykte Kurt Olav til sitt bryst først på 2000-talet. Her finn ein kanskje essensen i det skribenten har bobla over med desse åra - tankar kring film, populærkultur og forholdet mellom bygd og by. Tekstane er plukka ut og sydd saman til ei sjangersprengande bok av sambygding og forlagssjef i Leirfuglen, Bjarte Vik. Boka er rikt illustrert. LES MINDRE Forlagets omtale Møt filmelskaren, musikaren og bygdeurbanisten Kurt Olav Helle, 5282 Lonevåg. «Norges mest profesjonelle leserbrevskribent», har Finn Bjelke kalla han. «Ett leserbrev til, og vi kommer ut på Osterøy for å skambanke både deg og sjefen for bygdekinoen din», skreiv redaksjonen i Natt & Dag i 1997. Det vert sagt om Kurt Olav Helle at han skriv fortare enn sin eigen skugge. Boka er eit overflødigheitshorn av gullkorn, sitat, lesarbrev, kåseri og essay frå heile hans veldige produksjon. Den er også ei reise i Kurt Olavs elleville filmunivers; der liv og draumar blir fletta saman i dokumentarfilmane "Kule Kurt - Cowboyen fra Lonevåg" og "Kule Kurt 2 - Cowboyen drar til Hollywood". I dei første lesarbreva i Dagbladet mot slutten av 80-talet tok han skrekkfilmen i forsvar. Statens filmkontroll og NRK fekk det glatte lag. Seinare vart han spaltist og flittig skribent i Filmmagasinet, musikkavisa Beat, Natt & Dag, Dagbladet, VG, Bergens Tidende, Bergensavisen, Nationen og lokalaviser som Bygdanytt, Strilen og Ostringen. Redaktør Nils Rune Langeland i Syn og Segn trykte Kurt Olav til sitt bryst først på 2000-talet. Her finn ein kanskje essensen i det skribenten har bobla over med desse åra - tankar kring film, populærkultur og forholdet mellom bygd og by. Tekstane er plukka ut og sydd saman til ei sjangersprengande bok av sambygding og forlagssjef i Leirfuglen, Bjarte Vik. Boka er rikt illustrert.

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.