Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Haugenbok.no Fagbøker Religion, historie og filosofi Kunsthistorie I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen

    I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen

    I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen

    I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen

    Forfatter Lid forlag

    Levering 2-12 dager

    399,-

    ISBN:

    9788230339589

    Forlag:

    Lid forlag

    Trykkeår:

    2018

    Utgitt:

    2018

    Utgave:

    1

    Sider:

    224

    Vekt:

    1400 gr

    Alder:

    Voksen

    I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen
    Lid forlag
    9788230339589

    Forlagets omtale:

    Boka er ei forteljing om kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912), som hørte til "Gullalderen" i norsk målarkunst. Ein heil koloni av komande stjerner drog til München for å studere midt på 1870-talet. Dit reiste Harriet Backer, Kitty Kielland og Eilif Petersen, og snart etter kom Erik Werenskiold, LES MER Christian Skredsvig, Jakob Gløersen, Theodor Kittilsen, Gerhard Munthe, Fredrik Kolstø og Nils Bergslien for å nemne nokon. Da Gløersen kom heim att frå München, var han fast bestemt på kva for bildekunst han ville via livet sitt til. Han var no overbevist naturalist og friluftsmålar, og i tråd med naturalismen sin kunstfilosofi og dei nasjonale straumane på denne tida, ønskte han å formidla norsk identitet gjennom natur og folkeliv. Han vant snart stort ry, og vart rekna som ein av dei store kunstmålarane medan han levde. Han deltok på internasjonale utstillingar, og vann sølvmedalje på Verdensutstillinga i Paris 1889 og gullmedalje på den Internasjonale utstillinga i München 1891. Det nystarta Nasjonalgalleriet skaffa seg 27 måleri og teikningar av han, i den trua at han i framtida ville bli ståande som ein viktig representant for denne perioden i norsk målarkunst. Boka er i fyrste rekke ei forteljing frå livet som biletkunstnar her i Norge rundt forrige århundreskifte. Forfattaren går i fotspora til Gløersen, gjennom dei 140 breva han har sendt til venene sine, i hovudsak Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. Med breva som hovudkjelde, supplert med presseklipp, katalogar og kunstbøker, teiknar han eit bilete av eit kunstnarliv slik det arta seg på den tida. Sitat frå breva er bunde saman med forfattaren sine eigne kommentarar, og gjer at lesaren etter kvart synes at han kjenner denne mannen ganske godt. LES MINDRE Forlagets omtale Boka er ei forteljing om kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912), som hørte til "Gullalderen" i norsk målarkunst. Ein heil koloni av komande stjerner drog til München for å studere midt på 1870-talet. Dit reiste Harriet Backer, Kitty Kielland og Eilif Petersen, og snart etter kom Erik Werenskiold, Christian Skredsvig, Jakob Gløersen, Theodor Kittilsen, Gerhard Munthe, Fredrik Kolstø og Nils Bergslien for å nemne nokon. Da Gløersen kom heim att frå München, var han fast bestemt på kva for bildekunst han ville via livet sitt til. Han var no overbevist naturalist og friluftsmålar, og i tråd med naturalismen sin kunstfilosofi og dei nasjonale straumane på denne tida, ønskte han å formidla norsk identitet gjennom natur og folkeliv. Han vant snart stort ry, og vart rekna som ein av dei store kunstmålarane medan han levde. Han deltok på internasjonale utstillingar, og vann sølvmedalje på Verdensutstillinga i Paris 1889 og gullmedalje på den Internasjonale utstillinga i München 1891. Det nystarta Nasjonalgalleriet skaffa seg 27 måleri og teikningar av han, i den trua at han i framtida ville bli ståande som ein viktig representant for denne perioden i norsk målarkunst. Boka er i fyrste rekke ei forteljing frå livet som biletkunstnar her i Norge rundt forrige århundreskifte. Forfattaren går i fotspora til Gløersen, gjennom dei 140 breva han har sendt til venene sine, i hovudsak Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. Med breva som hovudkjelde, supplert med presseklipp, katalogar og kunstbøker, teiknar han eit bilete av eit kunstnarliv slik det arta seg på den tida. Sitat frå breva er bunde saman med forfattaren sine eigne kommentarar, og gjer at lesaren etter kvart synes at han kjenner denne mannen ganske godt.

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.