Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Klyngetunet

    Klyngetunet

    Klyngetunet (den norske landsbyen)

    Forfatter Skald

    (Oddleiv Apneseth - )

    Skald

    Forventes i salg 20.09.2018

    499,- Nå 437,-

    ISBN:

    9788279592686

    Forlag:

    Skald

    Trykkeår:

    2018

    Utgitt:

    2018

    Utgave:

    1

    Alder:

    Voksen

    Klyngetunet
    Skald
    9788279592686

    Forlagets omtale:

    Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Vi trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tunabudde og arbeidde familiar i LES MER små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til Klyngetunet då dei samla stoff frå heile landet til bestselgaren Norges låver. På sin hittil siste reise har dei vitja meir enn tretti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd tida, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. Ein gong var det kanskje så mange som tretti tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene av ulike årsaker ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bur saman i fellesskap. I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, vil boka visa historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna. Dei siste åra har vi sett ein stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er den første som samlar eit utval av attståande norske klyngetun frå heile landet, og er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn. Nostalgien lenge leve! LES MINDRE Forlagets omtale Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Vi trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tunabudde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til Klyngetunet då dei samla stoff frå heile landet til bestselgaren Norges låver. På sin hittil siste reise har dei vitja meir enn tretti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd tida, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. Ein gong var det kanskje så mange som tretti tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene av ulike årsaker ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bur saman i fellesskap. I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, vil boka visa historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna. Dei siste åra har vi sett ein stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er den første som samlar eit utval av attståande norske klyngetun frå heile landet, og er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn. Nostalgien lenge leve!

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.