Ny kunde? Registrer deg her!

Hvorfor registrere deg?

  • Raskere utsjekk
  • Se logg over tidligere kjøp
  • Motta gode tilbud og anbefalinger
Registrer deg her
Velg kundetype:
E-post:

Haugenbok.no Fagbøker Estetiske fag Kunstnardrivne visningsrom

Kunstnardrivne visningsrom

Kunstnardrivne visningsrom

Kunstnardrivne visningsrom (årestadar for ny kunst)

Forfatter Kulturrådet

På lager - sendes nå ( 1 stk. )

249,-

ISBN:

9788270811823

Forlag:

Kulturrådet

Trykkeår:

2017

Utgitt:

2017

Utgave:

1

Sider:

195

Vekt:

380 gr

Alder:

Voksen

Kunstnardrivne visningsrom
Kulturrådet
9788270811823

Forlagets omtale:

Siste tiåret har det oppstått mange kunstnardrivne visningsstadar i Noreg. Dei er blitt anerkjende som viktige og vitale årestadar for visning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle LES MER galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement? I 2010 oppretta Kulturrådet ei prøveordning med driftsstøtte til fem utvalde visningsstadar. I denne boka blir verknaden av ordninga diskutert gjennom ei grundig skildring av dei aktuelle visningsstadane: Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. Boka kan lesast både som eit bidrag til norsk samtidskunsthistorie og som ei vurdering av driftsstøtta si betydning. Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs Universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings- og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast: « Å lage bilder om seg sjølv . Om kjønn og kjensler i Sidsel Paaske sin kunst», i Like før Sidsel Paaske (1937 1980), og «The art of appropriation», i Contemporary Clay and Museum Culture, red. Christie Brown, Julian Stair og Clare Twomey, begge i 2016. LES MINDRE Forlagets omtale Siste tiåret har det oppstått mange kunstnardrivne visningsstadar i Noreg. Dei er blitt anerkjende som viktige og vitale årestadar for visning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement? I 2010 oppretta Kulturrådet ei prøveordning med driftsstøtte til fem utvalde visningsstadar. I denne boka blir verknaden av ordninga diskutert gjennom ei grundig skildring av dei aktuelle visningsstadane: Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. Boka kan lesast både som eit bidrag til norsk samtidskunsthistorie og som ei vurdering av driftsstøtta si betydning. Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs Universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings- og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast: « Å lage bilder om seg sjølv . Om kjønn og kjensler i Sidsel Paaske sin kunst», i Like før Sidsel Paaske (1937 1980), og «The art of appropriation», i Contemporary Clay and Museum Culture, red. Christie Brown, Julian Stair og Clare Twomey, begge i 2016.

Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.