Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Røldal Bygdebok I-II

    Røldal Bygdebok I-II

    Røldal Bygdebok I-II

    Levering 2-12 dager

    1 400,-

    ISBN:

    9788269016918

    Forlag:

    Røldal bygdemuseum/Odda kommune

    Trykkeår:

    Røldal Bygdebok I-II
    Røldal bygdemuseum/Odda kommune
    9788269016918

    Forlagets omtale:

    Band 1: Røldal er ei av dei største fjellbygdene på Vestlandet, og har ei rik og mangfaldig historie. Bygda er fattig på vinterfôr, men har ovstore fjellvidder og rikeleg med beite, og stølstradisjonen har stått sterkt her saman med jakt og andre fjellnæringar. Vegen over Haukelifjell er ein LES MER eldgamal ferdselsveg, og banda til bygdene aust for vasskiljet er sterke. Pilegrimar har sidan mellomalderen søkt seg til den særmerkte stavkyrkja i Røldal. Etter utbygginga av vegnettet på 1800- og 1900-talet har trafikken auka kraftig på, og i vår tid er det skituristar som kjem i hopetal til bygda. Røldal bygdebok band I tek føre seg bygdesoga frå dei eldste tider og fram til i dag. Boka inneheld eigne artiklar om førhistorisk tid, planteliv, dyreliv, byggjeskikk og utvandring, den gamle bygdesoga av Knut og Alma Dalen i nyillustrert oppsett, og dessutan ei nyskriven bygdesoge som tek føre seg den nyaste tida, frå 1955 til 2015. I denne perioden gjekk bygda gjennom store endringar – ein fekk straum, ei stor kraftutbygging og heilårsveg, og Røldal gjekk inn i Odda kommune.Band 2: Røldal bygdebok band II tek føre seg gards- og slektssoga frå 1500-talet og fram til i dag. Boka inneheld omtale over dei 30 matrikkelgardane i Røldal: Berge nedre, Berge øvre, Botnen nedre, Botnen øvre, Bratteteig, Gryting, Grytøyr, Grøve, Hagen austre, Hagen ytre, Hamre, Hauge, Hegerland, Holmane, Håra, Juvet, Litleteig, Lono, Medhus, Nupshadlene og Ståvassvikja, Odland, Prestegård, Rabbe, Seim, Selland, Storehovden, Tufte, Tveito, Tverrlia og Øverland. Her får me vita kven som har budd på dei faste eigedomane og husmannsplassane i Røldal. Nokre fritidsbustader er også tekne med. LES MINDRE Forlagets omtale Band 1: Røldal er ei av dei største fjellbygdene på Vestlandet, og har ei rik og mangfaldig historie. Bygda er fattig på vinterfôr, men har ovstore fjellvidder og rikeleg med beite, og stølstradisjonen har stått sterkt her saman med jakt og andre fjellnæringar. Vegen over Haukelifjell er ein eldgamal ferdselsveg, og banda til bygdene aust for vasskiljet er sterke. Pilegrimar har sidan mellomalderen søkt seg til den særmerkte stavkyrkja i Røldal. Etter utbygginga av vegnettet på 1800- og 1900-talet har trafikken auka kraftig på, og i vår tid er det skituristar som kjem i hopetal til bygda. Røldal bygdebok band I tek føre seg bygdesoga frå dei eldste tider og fram til i dag. Boka inneheld eigne artiklar om førhistorisk tid, planteliv, dyreliv, byggjeskikk og utvandring, den gamle bygdesoga av Knut og Alma Dalen i nyillustrert oppsett, og dessutan ei nyskriven bygdesoge som tek føre seg den nyaste tida, frå 1955 til 2015. I denne perioden gjekk bygda gjennom store endringar – ein fekk straum, ei stor kraftutbygging og heilårsveg, og Røldal gjekk inn i Odda kommune.Band 2: Røldal bygdebok band II tek føre seg gards- og slektssoga frå 1500-talet og fram til i dag. Boka inneheld omtale over dei 30 matrikkelgardane i Røldal: Berge nedre, Berge øvre, Botnen nedre, Botnen øvre, Bratteteig, Gryting, Grytøyr, Grøve, Hagen austre, Hagen ytre, Hamre, Hauge, Hegerland, Holmane, Håra, Juvet, Litleteig, Lono, Medhus, Nupshadlene og Ståvassvikja, Odland, Prestegård, Rabbe, Seim, Selland, Storehovden, Tufte, Tveito, Tverrlia og Øverland. Her får me vita kven som har budd på dei faste eigedomane og husmannsplassane i Røldal. Nokre fritidsbustader er også tekne med.

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.