Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Maria møy

    Maria møy

    Maria møy

    Maria møy (roman)

    Forfatter Wigestrand

    Levering 2-6 dager

    348,- Nå 305,-

    ISBN:

    9788281402263

    Forlag:

    Wigestrand

    Trykkeår:

    2018

    Utgitt:

    2018

    Utgave:

    1

    Sider:

    205

    Vekt:

    322 gr

    Alder:

    Voksen

    Maria møy
    Wigestrand
    9788281402263

    Forlagets omtale:

    "Ho blir ståande ved landgangen ei kort stund og sjå seg rundt, før ho med bestemte steg går over den tomme parkeringsplassen ved snøggbåtkaien mot ei husklyngje lenger inne i vågen. Jo Havn stoppar også straks han er kommen i land. Han set trillekofferten frå seg og tek fram ei sigarettøskje frå LES MER bukselomma. Medan han tenner ein sigarett og røykjer, følgjer han kvinna med blikket til ho forsvinn bak eit hus lenger inne." I håp om å finna inspirasjon til si neste bok vender forfattaren Jo Havn etter mange år tilbake til barndommens rike, eit lite øysamfunn på Vestlandet, der han har leigd eit feriehus av barndomskameraten Henrik Myra. Ved første augekast verkar alt like slentrande tilforlateleg og idyllisk som før i tida, men snart blussar gamle motsetningar og konfliktar opp igjen. Då den gamle rivalen til Myra blir funnen drukna i hamnebassenget, kunstnaren Ada X blir sporlaust borte, og det samtidig viser seg å vera stor aktivitet på den gamle fabrikken folk seier er nedlagd, blir Jo Havn etter kvart vikla inn i eit nett av farlege kontaktar, maktkamp og avhengigheitsforhold der han òg blir konfrontert med mørke sider i sitt eige liv. "Maria møy" er ei velskriven, medrivande og dialogsterk forteljing om løgn og forteiingar, grove brotsverk og løyndommar frå fortida, om å reisa ut og komma heim, om ansvar, forsaking og fornekting, og om å halda dommedag over seg sjølv. Forfattaren, trubaduren og låtskrivaren Atle Hansen (f. 1954) er fødd i Mosterhamn på Bømlo og busett på Stord. Han har og vore journalist i over 30 år, og har sidan debuten i 1997 skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne - Maria møy er Atle Hansen si 20 utgjeving. LES MINDRE Forlagets omtale "Ho blir ståande ved landgangen ei kort stund og sjå seg rundt, før ho med bestemte steg går over den tomme parkeringsplassen ved snøggbåtkaien mot ei husklyngje lenger inne i vågen. Jo Havn stoppar også straks han er kommen i land. Han set trillekofferten frå seg og tek fram ei sigarettøskje frå bukselomma. Medan han tenner ein sigarett og røykjer, følgjer han kvinna med blikket til ho forsvinn bak eit hus lenger inne." I håp om å finna inspirasjon til si neste bok vender forfattaren Jo Havn etter mange år tilbake til barndommens rike, eit lite øysamfunn på Vestlandet, der han har leigd eit feriehus av barndomskameraten Henrik Myra. Ved første augekast verkar alt like slentrande tilforlateleg og idyllisk som før i tida, men snart blussar gamle motsetningar og konfliktar opp igjen. Då den gamle rivalen til Myra blir funnen drukna i hamnebassenget, kunstnaren Ada X blir sporlaust borte, og det samtidig viser seg å vera stor aktivitet på den gamle fabrikken folk seier er nedlagd, blir Jo Havn etter kvart vikla inn i eit nett av farlege kontaktar, maktkamp og avhengigheitsforhold der han òg blir konfrontert med mørke sider i sitt eige liv. "Maria møy" er ei velskriven, medrivande og dialogsterk forteljing om løgn og forteiingar, grove brotsverk og løyndommar frå fortida, om å reisa ut og komma heim, om ansvar, forsaking og fornekting, og om å halda dommedag over seg sjølv. Forfattaren, trubaduren og låtskrivaren Atle Hansen (f. 1954) er fødd i Mosterhamn på Bømlo og busett på Stord. Han har og vore journalist i over 30 år, og har sidan debuten i 1997 skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne - Maria møy er Atle Hansen si 20 utgjeving.

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.