Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Tre kvinner

    Tre kvinner

    Tre kvinner

    Tre kvinner (noveller)

    Forfatter Skald

    (Øystein Vidnes - Oversetter)

    Skald

    Levering 2-12 dager

    249,-

    ISBN:

    9788279592563

    Forlag:

    Skald

    Trykkeår:

    2017

    Utgitt:

    2017

    Utgave:

    1

    Sider:

    134

    Alder:

    Voksen

    Serie:

    Skalds klassikarar

    Tre kvinner
    Skald
    9788279592563

    Forlagets omtale:

    I novellesyklusen «Tre kvinner» utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne, og korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar, maktspel, og overvinne alle avstandar. Vi møter tre ulike kvinner, bondejenta Grigia, adelskvinna frå seinmiddelalderens Portugal og LES MER arbeiderklassekvinna Tonka. Desse møta utløyser omveltingar i livet til personane, men akkurat korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse. Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst, samstundes som forfattaren viser seg som ein presis analytikar av karakterane sitt mest intime sjelsliv, tett vevd inn i omgivnadene. Forfattaren skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving, på same tid som han observerer personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar. Robert Musil (1880-1942) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane i den tyske modernismen, og er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket «Der Mann ohne Eigenschaften». Musil har vore samanlikna med forfattarar som Franz Kafka, Thomas Mann, James Joyce og Marcel Proust. Verka hans har hatt stor innverknad på seinare austerrikske forfattarar som Thomas Bernhard og Elfride Jelinek. Livsverket til den austerrikske forfattaren omfattar både romanar, novellesamlingar, drama og essays, og mange av verka speglar bakgrunnen hans frå naturvitskapen og psykologien. LES MINDRE Forlagets omtale I novellesyklusen «Tre kvinner» utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne, og korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar, maktspel, og overvinne alle avstandar. Vi møter tre ulike kvinner, bondejenta Grigia, adelskvinna frå seinmiddelalderens Portugal og arbeiderklassekvinna Tonka. Desse møta utløyser omveltingar i livet til personane, men akkurat korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse. Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst, samstundes som forfattaren viser seg som ein presis analytikar av karakterane sitt mest intime sjelsliv, tett vevd inn i omgivnadene. Forfattaren skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving, på same tid som han observerer personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar. Robert Musil (1880-1942) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane i den tyske modernismen, og er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket «Der Mann ohne Eigenschaften». Musil har vore samanlikna med forfattarar som Franz Kafka, Thomas Mann, James Joyce og Marcel Proust. Verka hans har hatt stor innverknad på seinare austerrikske forfattarar som Thomas Bernhard og Elfride Jelinek. Livsverket til den austerrikske forfattaren omfattar både romanar, novellesamlingar, drama og essays, og mange av verka speglar bakgrunnen hans frå naturvitskapen og psykologien.

    Emner: Kvinner

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.