Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Dobbel horisont

    Dobbel horisont

    Dobbel horisont

    Dobbel horisont

    Forfatter Forenkla forl.

    (Knut Valberg - Fotograf)

    Forenkla forl.

    Levering 2-12 dager

    350,-

    ISBN:

    9788269044232

    Forlag:

    Forenkla forl.

    Trykkeår:

    2018

    Utgitt:

    2018

    Utgave:

    1

    Sider:

    124

    Vekt:

    560 gr

    Alder:

    Voksen

    Dobbel horisont
    Forenkla forl.
    9788269044232

    Forlagets omtale:

    To horisontar, er det mogeleg? - Joda, i ei bok kan ei slik verd oppstå, seier fotograf Knut Valberg og poet Ulv Holbye. - Eit dikt teiknar sin eigen horisont, eit bilde skriv sin - på boksidene som på tankeplanet. Lesaren inviterast inn i dette spenningsfeltet. Eit døme: «no rører havet på seg / LES MER og blir / spegel spegel spegel». Knut samlar ofte lyset inne på mørkare flater, seier Holbye. Eg gjer noko liknande med ord, på den kvite papirflata, ved å skrelle bort alt som ikkje er naudsynt. Det kortaste diktet er på tre små ord, det er godt for ein sånn liten poetisk skapnad å ha eit bilete å stø seg til. Dikta er mest utan store bokstavar, og linene rimer sjeldan. Dei opnar seg mot lesaren. Stort sett står dei to uttrykka eit stykkje frå kvarandre og skapar eit spenningsfelt der du sjølv kan spinne tanketråder imellom. - Til dagleg er eg språkforvirra, seier poeten. Eg vekslar mellom bokmål og dialekt. Men nynorsk er kjærleikspråket, her ligg poesien. Slik sett var valget av målform enkelt. Fotografen og poeten er naboar på nordsida av Bodø, med utsyn over havet heilt til Lofoten. Men heile verda får plass mellom linene, som når diktaren seier at «vi lever i eit spanderande univers». Flakseturen mellom horisontane fører sjeldan til ein lokal landingsplass... - Eg unngår dei mest tradisjonelle landskapsmotiva, seier Valberg. - Eg blir tiltrukke av lyset i naturen på den eine sida, og detaljane i livet vårt på den andre. Når eg fangar eit par-tre flasker, ein hammar eller ein sau med linsa, er det meir formar, fargar og stemning eg jaktar på, seier bildemakaren som gjerne fullfører idéane sine med dei tonene han gjev bileta i den digitale framkallinga. Det er fleire bileter av sauar i boka, familiens eigne. - Sauane i fjøsen vår har namn og personlegdomar. På ei bokside gjév to sauar kvarandre ein real klem, medan poeten hentar fram trafikkreglane: «hugs å vise kjærteikn / i god tid / før du kjem til kysset». LES MINDRE Forlagets omtale To horisontar, er det mogeleg? - Joda, i ei bok kan ei slik verd oppstå, seier fotograf Knut Valberg og poet Ulv Holbye. - Eit dikt teiknar sin eigen horisont, eit bilde skriv sin - på boksidene som på tankeplanet. Lesaren inviterast inn i dette spenningsfeltet. Eit døme: «no rører havet på seg / og blir / spegel spegel spegel». Knut samlar ofte lyset inne på mørkare flater, seier Holbye. Eg gjer noko liknande med ord, på den kvite papirflata, ved å skrelle bort alt som ikkje er naudsynt. Det kortaste diktet er på tre små ord, det er godt for ein sånn liten poetisk skapnad å ha eit bilete å stø seg til. Dikta er mest utan store bokstavar, og linene rimer sjeldan. Dei opnar seg mot lesaren. Stort sett står dei to uttrykka eit stykkje frå kvarandre og skapar eit spenningsfelt der du sjølv kan spinne tanketråder imellom. - Til dagleg er eg språkforvirra, seier poeten. Eg vekslar mellom bokmål og dialekt. Men nynorsk er kjærleikspråket, her ligg poesien. Slik sett var valget av målform enkelt. Fotografen og poeten er naboar på nordsida av Bodø, med utsyn over havet heilt til Lofoten. Men heile verda får plass mellom linene, som når diktaren seier at «vi lever i eit spanderande univers». Flakseturen mellom horisontane fører sjeldan til ein lokal landingsplass... - Eg unngår dei mest tradisjonelle landskapsmotiva, seier Valberg. - Eg blir tiltrukke av lyset i naturen på den eine sida, og detaljane i livet vårt på den andre. Når eg fangar eit par-tre flasker, ein hammar eller ein sau med linsa, er det meir formar, fargar og stemning eg jaktar på, seier bildemakaren som gjerne fullfører idéane sine med dei tonene han gjev bileta i den digitale framkallinga. Det er fleire bileter av sauar i boka, familiens eigne. - Sauane i fjøsen vår har namn og personlegdomar. På ei bokside gjév to sauar kvarandre ein real klem, medan poeten hentar fram trafikkreglane: «hugs å vise kjærteikn / i god tid / før du kjem til kysset».

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.