Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Skjønnlitteratur Romaner Café Gibraltar

    Café Gibraltar

    Café Gibraltar

    Café Gibraltar (roman)

    Forfatter Wigestrand

    Levering 2-12 dager

    329,- Nå 288,-

    ISBN:

    9788281401013

    Forlag:

    Wigestrand

    Trykkeår:

    2011

    Utgitt:

    2011

    Utgave:

    1

    Sider:

    305

    Vekt:

    374 gr

    Alder:

    Voksen

    Café Gibraltar
    Wigestrand
    9788281401013

    Haugenboks omtale:

    Norsklærar Kalk blir sagt opp etter ein valdsepisode på skulen. Samstundes raknar ekteskapet hans, men ei mystisk kvinne gjev han jobb som vaktmeister på ein nedlagd sildoljefabrikk. Her får han eit kriminalmysterium i fanget, og han legg ut på ei ferd frå ein liten norsk kystby til Hebridane og Cub LES MER a. LES MINDRE Haugenboks omtale Norsklærar Kalk blir sagt opp etter ein valdsepisode på skulen. Samstundes raknar ekteskapet hans, men ei mystisk kvinne gjev han jobb som vaktmeister på ein nedlagd sildoljefabrikk. Her får han eit kriminalmysterium i fanget, og han legg ut på ei ferd frå ein liten norsk kystby til Hebridane og Cuba.

    Forlagets omtale:

    Jon O. Lorentzens andre roman, Café Gibraltar, er ei kinesisk eske av ein roman, ei forteljing om draum, dikt og røyndom, erkjenning, originalitet og identitet, skriven fram med stort kunstnarisk og intellektuelt overskot, og med mellom anna Shakespeare, Rolling Stones og Led Zeppelin som LES MER resonansbotn, der lesaren heile tida blir tvungen til å korrigera si eiga oppfatning av røynda for å greia hengja med i svingane. Etter ein valdsepisode på skulen får norsklæraren Aristoteles Kalk avskjed på grått papir. Samstundes raknar ekteskapet. Kalk forlèt det gamle livet sitt. Ei mystisk femme fatale gjev han jobb som vaktmeister på ein nedlagd sildoljefabrikk. Her ser Kalk for seg at han endeleg skal få ro til å fullføra romanen som han har arbeidd med så lenge. I staden får han eit kriminalmysterium i fanget. Dette er opptakten til ei svært spenstig, original og humørfylt ferd frå ein mindre norsk kystby til Hebridane og Cuba, ei ferd der mellom anna det faste klientellet på Café Gibraltar og forfattaren Richard Brautigan har viktige biroller. Teksten utvidar seg nærast organisk i to parallelle univers og arbeider seg labyrintisk stadig djupare mot den endelege løysinga på gåta. Jon O. Lorentzen er filolog og bur og underviser i språk i Egersund. Han har mastergrad i spansk litteratur frå University of California. Lorentzen debuterte med romanen Den symmetriske tvillingen i 2004. I 2008 ga han ut diktboka Med stjerneskrift, gjendikting frå spansk av eit utval dikt av den kubanske nasjonaldiktaren José Martí. LES MINDRE Forlagets omtale Jon O. Lorentzens andre roman, Café Gibraltar, er ei kinesisk eske av ein roman, ei forteljing om draum, dikt og røyndom, erkjenning, originalitet og identitet, skriven fram med stort kunstnarisk og intellektuelt overskot, og med mellom anna Shakespeare, Rolling Stones og Led Zeppelin som resonansbotn, der lesaren heile tida blir tvungen til å korrigera si eiga oppfatning av røynda for å greia hengja med i svingane. Etter ein valdsepisode på skulen får norsklæraren Aristoteles Kalk avskjed på grått papir. Samstundes raknar ekteskapet. Kalk forlèt det gamle livet sitt. Ei mystisk femme fatale gjev han jobb som vaktmeister på ein nedlagd sildoljefabrikk. Her ser Kalk for seg at han endeleg skal få ro til å fullføra romanen som han har arbeidd med så lenge. I staden får han eit kriminalmysterium i fanget. Dette er opptakten til ei svært spenstig, original og humørfylt ferd frå ein mindre norsk kystby til Hebridane og Cuba, ei ferd der mellom anna det faste klientellet på Café Gibraltar og forfattaren Richard Brautigan har viktige biroller. Teksten utvidar seg nærast organisk i to parallelle univers og arbeider seg labyrintisk stadig djupare mot den endelege løysinga på gåta. Jon O. Lorentzen er filolog og bur og underviser i språk i Egersund. Han har mastergrad i spansk litteratur frå University of California. Lorentzen debuterte med romanen Den symmetriske tvillingen i 2004. I 2008 ga han ut diktboka Med stjerneskrift, gjendikting frå spansk av eit utval dikt av den kubanske nasjonaldiktaren José Martí.