Bok
Forfatter
Emner
Omtaler
0

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:
    E-post:

    Haugenbok.no Barn & Ungdom Ungdom Maria mi

    Maria mi

    Maria mi

    Maria mi (roman)

    Forfatter Wigestrand

    På lager - sendes nå ( 1 stk. )

    199,- Nå 174,-

    ISBN:

    9788281402027

    Forlag:

    Wigestrand

    Trykkeår:

    2016

    Utgitt:

    2016

    Utgave:

    1

    Sider:

    158

    Vekt:

    184 gr

    Alder:

    12-16

    Maria mi
    Wigestrand
    9788281402027

    Forlagets omtale:

    Forlagets omtale: Maria vil gjerne sjå tynn ut, slik som nokre av jentene i Paradise Hotel. Ho drøymer om Johannes, for dei to er jo kjærastar, dei er det, det er dei som er det, klart dei er. Johannes svik aldri, han; går rundt med kondom i jakka si, og ventar, og ventar, på ho. Stakkars. Fine LES MER guten. Mamma les Knausgård og har kontakt med ånder, papa pratar pent stavangersk og er definitivt snillast. Venninna Mina gir rare råd. Ho går i ei superkristen kyrkje. «Maria mi. Du er mi Maria, du. Mi Maria.» Han var ikkje nøytral lenger. Det var slutt på slikt skodespeleri. Ho hadde munnen hans i heile andletet. Han klamra seg fast til halsen hennar, skrapa langs akslene med klørne, klora seg ned mot ryggen, åla overkroppen sin inntil brysta, masserte ho på rumpa og låra. Det vart mest for mykje av det gode. Ho var lykkeleg og overlykkeleg, letta over at han viste slik glød, nøgd med at han verka så opprømt, glad for at han elska ho. Ja, verkeleg. ELSKA ho. «Snu deg litt mot høgre», sa han. «Eg ligg forkjært med handa. Den vinkelen du har valt, er så vond for meg.» Så klart. Ho snudde seg litt mot høgre. «Kan du trekka vekk håret? Eg får det i munnen.» «Sånn?» Ho trekte vekk dei lyse lokkane frå leppene hans. «Ja. Pass så eg ikkje får håret ditt i munnen. Hugs at det er ubehageleg for meg.» Ho vart litt provosert. Ho var ikkje heilt somaliakvinneundertrykt, heller. «Er det ikkje du som må ta ansvar for det?» sa ho. Ho sa det ikkje sint. Ho berre sa det. Ho angra med ein gong at ho hadde sagt det. LES MINDRE Forlagets omtale Forlagets omtale: Maria vil gjerne sjå tynn ut, slik som nokre av jentene i Paradise Hotel. Ho drøymer om Johannes, for dei to er jo kjærastar, dei er det, det er dei som er det, klart dei er. Johannes svik aldri, han; går rundt med kondom i jakka si, og ventar, og ventar, på ho. Stakkars. Fine guten. Mamma les Knausgård og har kontakt med ånder, papa pratar pent stavangersk og er definitivt snillast. Venninna Mina gir rare råd. Ho går i ei superkristen kyrkje. «Maria mi. Du er mi Maria, du. Mi Maria.» Han var ikkje nøytral lenger. Det var slutt på slikt skodespeleri. Ho hadde munnen hans i heile andletet. Han klamra seg fast til halsen hennar, skrapa langs akslene med klørne, klora seg ned mot ryggen, åla overkroppen sin inntil brysta, masserte ho på rumpa og låra. Det vart mest for mykje av det gode. Ho var lykkeleg og overlykkeleg, letta over at han viste slik glød, nøgd med at han verka så opprømt, glad for at han elska ho. Ja, verkeleg. ELSKA ho. «Snu deg litt mot høgre», sa han. «Eg ligg forkjært med handa. Den vinkelen du har valt, er så vond for meg.» Så klart. Ho snudde seg litt mot høgre. «Kan du trekka vekk håret? Eg får det i munnen.» «Sånn?» Ho trekte vekk dei lyse lokkane frå leppene hans. «Ja. Pass så eg ikkje får håret ditt i munnen. Hugs at det er ubehageleg for meg.» Ho vart litt provosert. Ho var ikkje heilt somaliakvinneundertrykt, heller. «Er det ikkje du som må ta ansvar for det?» sa ho. Ho sa det ikkje sint. Ho berre sa det. Ho angra med ein gong at ho hadde sagt det.

    Emner: Kjærlighet
    Alternative utgaver
    Maria mi, roman Kristi Furubotn
    E-bok i salg / nedlastbar / les info først
    E-bok, Nynorsk
    249,-
    Kjøp på Ebok.no