Bok
Forfatter
Emner
Omtaler

     

    Ny kunde? Registrer deg her!

    Hvorfor registrere deg?

    • Raskere utsjekk
    • Se logg over tidligere kjøp
    • Motta gode tilbud og anbefalinger
    Registrer deg her
    Velg kundetype:

    Haugenbok.no Fagbøker Religion, historie og filosofi Kulturhistorie Slidredomen

    Slidredomen

    Slidredomen (katedralen i Valdres)

    Forfatter Kvitvella forlag

    Levering 2-12 dager

    400,-

    ISBN:

    9788293762010

    Forlag:

    Kvitvella forlag

    Trykkeår:

    2020

    Utgitt:

    2020

    Utgave:

    1

    Vekt:

    805 gr

    Alder:

    Voksen

    Slidredomen
    Kvitvella forlag
    9788293762010

    Forlagets omtale:

    Slidre kyrkje, Slidredomen, «katedralen i Valdres» - kjært barn har mange namn. Slidredomen, som kyrkja blir kalla i dag, er den gamle hovudkyrkja i Valdres. Ho er datert til ca. 1268 og er den største av dei tre steinkyrkjene i Valdres frå mellomalderen. Boka fortel soga om korleis kristendomen LES MER kom til Valdres, om kyrkjebygging og om kyrkjelege kunstskattar som har vore i bruk i Slidredomen i hundrevis av år. Vi får òg eit innblikk i soga om alle dei som har vore prestar i kyrkja gjennom godt 750 år. Forfattar Jahn Børe Jahnsen har skrive boka om den vakre hovudkyrkja i Slidre. Boka er gjennomillustrert med foto som er tekne av Ola Døhl, presten som var ved kyrkja i tida 2012-2020. Det har vorte ei vakker bok som viser fram kyrkja i Slidre-landskapet til alle årstider. Jahn Børe Jahnsen (f. 1943) er fødd og oppvaksen i Oslo, men har budd i Valdres sidan han kom til Vestre Slidre ungdomsskule som lærar i 1971. Han er utdanna historikar og har vore lektor ved Fagernes vidaregåande skule. Seinare vart han konservator ved Valdres Folkemuseum og leiar for Opplandsarkivet. I Vestre Slidre var Jahnsen lokal leiar for utgravingsarbeidet ved Mo kyrkjeruin. Det var starten på eit stort lokalhistorisk arbeid han har lagt ned i Valdres gjennom snart femti år. Jahnsen har skrive mange bøker om historiske emne - ikkje minst om kyrkjene i Valdres. Han har skrive bok om Mo kyrkjeruin i Vestre Slidre, og om Ulnes kyrkje og Svenes kyrkje i Nord-Aurdal. Bygget av levende stene - Middelalderens kirkelige forhold i Valdres kom i 1983. Boka Slidredomen 800 år (1987) bygde på hovudoppgåva hans i historie ved Universitetet i Trondheim. Seinare har han skrive Middelalderkirker i Valdres (2008) og Bjørnen i kirken (2012). LES MINDRE Forlagets omtale Slidre kyrkje, Slidredomen, «katedralen i Valdres» - kjært barn har mange namn. Slidredomen, som kyrkja blir kalla i dag, er den gamle hovudkyrkja i Valdres. Ho er datert til ca. 1268 og er den største av dei tre steinkyrkjene i Valdres frå mellomalderen. Boka fortel soga om korleis kristendomen kom til Valdres, om kyrkjebygging og om kyrkjelege kunstskattar som har vore i bruk i Slidredomen i hundrevis av år. Vi får òg eit innblikk i soga om alle dei som har vore prestar i kyrkja gjennom godt 750 år. Forfattar Jahn Børe Jahnsen har skrive boka om den vakre hovudkyrkja i Slidre. Boka er gjennomillustrert med foto som er tekne av Ola Døhl, presten som var ved kyrkja i tida 2012-2020. Det har vorte ei vakker bok som viser fram kyrkja i Slidre-landskapet til alle årstider. Jahn Børe Jahnsen (f. 1943) er fødd og oppvaksen i Oslo, men har budd i Valdres sidan han kom til Vestre Slidre ungdomsskule som lærar i 1971. Han er utdanna historikar og har vore lektor ved Fagernes vidaregåande skule. Seinare vart han konservator ved Valdres Folkemuseum og leiar for Opplandsarkivet. I Vestre Slidre var Jahnsen lokal leiar for utgravingsarbeidet ved Mo kyrkjeruin. Det var starten på eit stort lokalhistorisk arbeid han har lagt ned i Valdres gjennom snart femti år. Jahnsen har skrive mange bøker om historiske emne - ikkje minst om kyrkjene i Valdres. Han har skrive bok om Mo kyrkjeruin i Vestre Slidre, og om Ulnes kyrkje og Svenes kyrkje i Nord-Aurdal. Bygget av levende stene - Middelalderens kirkelige forhold i Valdres kom i 1983. Boka Slidredomen 800 år (1987) bygde på hovudoppgåva hans i historie ved Universitetet i Trondheim. Seinare har han skrive Middelalderkirker i Valdres (2008) og Bjørnen i kirken (2012).

    Gå ikke glipp av nyheter og gode tilbud. Meld deg på vårt nyhetsbrev og hold deg oppdatert!

    Noe gikk galt, vennligst prøv igjen senere.
    Suksess! Du er nå meldt på nyhetsbrevet
    Du er allerede mottaker av nyhetsbrevet vårt.