Denne boka har eit variert innhald. Forfattarane skriv om det som engasjerer og opptek dei, utan emnemessig tvang og vi vonar at det også pregar artiklane. I tid spenner .artiklane vidt, frå Njåls saga til Karin Moes Kjønnsskrift og mellom desse ytterpunkta artiklar om fransk musikalsk tragedie på 1700-talet, Maurits Hansens brevformularbok Julies Brevsamling frå 1840 og her er arbeid om klassisk litteratur av Jonas Lie og Arne Garborg, komparasjon av «familieromanen» hos Alexander Kielland og Thomas Mann og også artiklar om nyare kanoniserte forfattarar som Kjartan Fløgstad, Alf Prøysen og Åsmund Sveen. Emnemessig femner denne antologien over teoretiske, didaktiske, faghistoriske og poetologiske perspektiv, som i jamføringa av Michel Foucault og .Friedrich A. Kittler; aktuelle spørsmål knytt til littera.turen og skolen, forholdet mellom litteraturvitskapen og digital bokhistorie og drøftingar av det poetiske bildet «som objekt». Boka sluttar med ein artikkel om Jonas Roth, «den siste og einaste .jødiske Habsburgaren»? Boka er skriven til professor Gunnar Foss, til 70-års.dagen hans den 3. mars 2016, som ein heider og ein takk for det gode og stimulerande samarbeidet vi har hatt og for det viktige arbeidet han har gjort på instituttet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270998425
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
676 gr
Høyde
235 mm
Bredde
165 mm
Dybde
28 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
279

Redaktør
Honored/dedicated to