Lettlesen og akkurat passe skummel! Grete og Marius går på ein skule som er kjempegammal. Av og til skjer det mystiske ting der - det er gamle lærarar og elevar som går igjen! Men dei viser seg ikkje for kven som helst, og særleg ikkje for dei eldre elevane, sjølv om Sally gjerne vil det. I dag vil Sally prøve å gjere "ånda i glaset" i kjellaren. Men Grete og Marius er i tvil. Å kontakte ånder - i kjellaren, som er absolutt forbode område! Då kan jo kva som helst skje ... Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren. Les også: Den mystiske skulen: Svartedama Den mystiske skulen: Spøkelseshunden Ånda i glaset er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Frå svensk ved Øystein Rosse. Leseland. Nivå 2.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252190946
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
200 gr
Høyde
210 mm
Bredde
144 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
60

Forfatter
Illustratør
Oversetter