Anders Svor (1864-1929) var ein av dei fremste norske bilethoggarane i si tid, og ein av få norske kunstnarar som har fått sitt eige museum, i heimbygda Hornindal i Nordfjord, opna 1953. Svor gjekk i lære både i Kristiania, København og Paris. Frå 1895 budde og arbeidde han i Kristiania/Oslo. Gjennombrotet kom i 1891 med gullmedalje for skulpturen «David» i Berlin. I 1892 vann han tevlinga om Tordenskiold-monumentet. Svor var i alle år svært produktiv og sikta høgt, med tallause oppdrag og utstillingar i Noreg, Tyskland, Frankrike, England, Sverige, Danmark, USA og Brasil. Anders Svor sine skulpturar er i naturalistisk stil, uttrykksfulle, vare og vakre. Han laga òg byster og skulpturar av kjende personar innan norsk kultur, politikk og samfunnsliv. Mange av kunstverka står utandørs i Oslo og andre norske byar og bygder. Boka fortel også historia om Anders Svor Museum i Hornindal, som har dei fleste av Svor sine arbeid. Boka er rikt illustrert og inneheld verkliste over Anders Svor sine arbeid.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400848
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
144

Forfatter

Relaterte produkter