Bilethoggaren Anders Svor (1864-1929) frå Hornindal er kjend for statuane og bystene sine. Han har mellom anna skapt portrettbyster av samtidsheltar som Fridtjof Nansen (1902, Nasjonalgalleriet) og Adolph Tidemand (1906, Kjerulfs plass i Oslo). I Oslo står også skulpturen Etter badet (1916) ved Bislett bad og Bølgen (1913) ved Skillebekk. I Porsgrunn finn vi Skibbrudd (1921), og Foyn-monumentet står i Svend Foyn sin fødeby Tønsberg. Svor var elev av Julius Middelthun på Kunstindustriskolen. I 1886, 21 år gamal, drog han til København og studerte ved København Kunstakademi. I åra 1886-1892 var han elev av Herman Vilhelm Bissen. Det store gjennombrotet fekk han i 1891 då han på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin fekk gullmedalje for skulpturen David. Svor budde i Paris i 1894/1895 før han slo seg til i Oslo der han arbeidde resten av livet. Svor etterlét ei samling som i 1941 vart gjeven vederlagsfritt til Hornindal kommune, og i 1953 vart Svormuséet opna. I samband med markeringa av at det i 2014 er 150 år sidan Anders Svor blei fødd, gir Skald ut bok om kunstnaren i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum. Boka er også utgitt i norsk utgåve.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279592167
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Engelsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Illustratør