Årboka for Sogn og Fjordane 2017 er ei fyldig oppsummering av det lokalavisene har fortalt oss om livet i Sogn og Fjordane i året som har gått. I den 25. og siste utgåva av Årboka får du presentert store og små nyhende, og du vert betre kjend med det som lever og rører seg i grendene, bygdene og byane i fylket. Mellom dei to permane vil du møte alvor og sorg, humor og glede. Som vanleg opnar vi kavalkaden med å presentere årets nyttårsbarn i fylket. Du får møte dronning Sonja som opnar Loen Skylift, den nye store turistmagneten i Nordfjord. Du får vere med på opninga av eitt av verdas største datalagringssenter som held til i ei nedlagd gruve. Du vert òg oppdatert på utviklinga innanfor region- og kommune-reforma. Årboka har vore innom mange av dei fargerike festivalane som har vakse fram i fylket, og vi har sett nærare på den spennande operaen som vart vist på Nordfjordeid dette året. TV-sende musikkprogram som «Stjernekamp», «The Voice» og «MGPjr» har vore prega av artistar frå, eller med tilknyting til, Sogn og Fjordane. Møt dei i Årboka. Sterke menneske med imponerande prestasjonar får brei merksemd i boka. Her møter du dei som kjempar om edelt metall fjernt og nært, og dei som trass i ulike utfordringar viser stort pågangsmot og imponerande styrke i kvardagen. Faktadelen inneheld som vanleg spennande talmateriale om folkesetnad, politikk, kultur og sport. Boka inneheld over 500 bilete og har eit namneregister med nær 1000 namn.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401357
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Vekt
1400 gr
Høyde
300 mm
Bredde
210 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
232

Redaktør