Tull, tøys og teater - det næraste du nokon gong kjem ein biografi om Are Kalvø! Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til femten komiprisar og til Hedda-prisen. Her kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklagen i tredjeklasse og russerevyen i heimbygda Stranda, til karrieremilepælar som standupdebuten på homseklubb, det første trusselbrevet og dagen han forstod at ein ball kan syngje. Her er høgdepunkt frå revy- og standupverksemda samla for første gong. I tillegg får du tekstane frå Norge-Brasil, ein fotballopera, frå Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake og frå Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical. Boka er rikt illustrert med bilete frå framsyningar, avisutklipp og private bilete. Dette er garantert det næraste du kjem ein sjølvbiografi av Are Kalvø.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252192346
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
920 gr
Høyde
248 mm
Bredde
177 mm
Dybde
28 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
271

Forfatter