Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog). Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren var alvorleg sinnslidande, og då Garborg var 19 år, enda faren livet for eiga hand. Mykje av Garborgs forfattarskap handlar om å forstå kvifor dette hende. Dette traumaet, kombinert med heilt uvanleg intelligens og orienteringsevne, førte Garborg inn i dei fleste filosofiske og religiøse straumdrag i samtida. Han beveger seg frå tradisjonell kristendom til vitskapstru og religionskritikk, vender tilbake til grunnspørsmåla i tilværet, og skaper til slutt si eiga originale tolking av Jesus og Det nye testamentet. Vi kan følgje dette i meisterverk som Bondestudentar, Fred, Trætte Mænd, Haugtussa og Den burtkomne Faderen. Jan Inge Sørbø har skrive ei medrivande og lettfatteleg bok om korleis Garborg orienterer seg i si samtid, og viser samanhengen i denne omfattande og stadig nyorienterte forfattarskapen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252188059
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
738 gr
Høyde
232 mm
Bredde
165 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
343

Forfatter