Atlanterhavet er verdas nest største hav, og dekkar nærmare ein femtedel av jordas overflate. Det skal ikkje mykje til å føle seg liten idet ein flyg over. Som Ruth Lillegraven gjorde, på veg til tre dager på Svalbard. Jobb, ikkje ferie. Innpakka i ein kollektiv identitet (jobben) som ho, der nede, på landjorda, i det vanvittig blå og kvite landskapet, så skriv seg ut av, «frå tidsklemma/ og vaksenklypa ... til sjølve eventyret». Berre smak på namnet: Longyearbyen. Og tanken: Ein stad og ei verd du for første gong ser med eigne augo, for første og kanskje siste, kven veit? Og i det skuet, i den vissheta, oppdage Atlanten i ein sjølv, som tankane, kjenslane, handlingane våre («alt dette som vi er vi er vi er») flyg over kvar einaste dag. I Atlanten skriv Ruth Lillegraven dikt om og utifrå det lille kvardagslige eventyret som vi alle er del av frå tid til annan: Nokre få dagar på ein ny, framand stad, «langt/ langt bortanfor landet/ det faste».
Les mer
Omslagstittel

Produktdetaljer

ISBN
9788282881449
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Flamme
Vekt
52 gr
Høyde
190 mm
Bredde
122 mm
Dybde
4 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
25

Forfatter

Relaterte produkter