Boka startar med forteljingar om ein barndom under okkupasjon, sivil motstand og ei etterkrigstid med oppgjer av ymse slag. Det kjem så essayistiske undersøkingar av minne og ymse former for gløymske og av medviten fabulering versus faktaorientert memorering. Komikk og refleksjon, dikting, filosofi, autonomi, estetikk og samfunnskritikk blir tema. I siste delen av boka følgjer ein serie samfunnskritiske skriftstykke om marknadsliberalismen, om nedbrytinga av natur, kultur og siviliserte livsformer, og om nihilismen som breier seg i vestlege styringselitar. Det heile tonar ut i meditasjonar over antikk livsførselsfilosofi og epistlar av Lucius Annæus Seneca som døydde under keisar Nero.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252187625
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
255 gr
Høyde
205 mm
Bredde
133 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
222

Forfatter

Relaterte produkter