Bank i bondeland er historia om Time Sparebank. I boka blir utviklinga frå «den lange starten» i 1911 og heilt fram til i dag rulla opp. Det var bønder som etablerte, dreiv og brukte Time Sparebank. Og lenge var det nærast tale om ein rein «bondebank». I dag er det folk med bakgrunn i industri og tenesteyting som gjer mest av seg. «Banken i samfunnet, samfunnet i banken» er det berande perspektivet. I boka blir banken heile tida sett i lys av samfunnet og samfunnsutviklinga. Dermed har dette blitt ei historie ikkje berre om Time Sparebank, men like mykje om utviklinga på Jæren og i Time. Boka byr på rundt 100 nye jærbilete, fanga inn av fotograf Helge Hansen. Lars Gaute Jøssang kjem frå Strand i Ryfylke. Han er historikar, og har arbeidd både med lokalhistorie, industri- og arbeidslivshistorie, oljehistorie og kristenlivshistorie ofte med utgangspunkt i jærske tilhøve. Den nye Sandneshistorien (Fagbokforlaget 2010) var han også med på. Jøssang er tilsett ved NLA Høgskolen i Bergen.
Les mer
Boka fortel historia om Time Sparebank, opphaveleg starta av bønder i 1911 og fylgjer utviklinga fram til i dag, då det er folk med industri og tenesteyting som gjer mest av seg. Forfattaren ser banken i lys av samfunnet og samfunnsutviklinga, og fortel dermed samstundes ei historie om utviklinga på Jæren og i Time.
Les mer
Forord av Arne Gravdal og Lars Gaute Jøssang

Produktdetaljer

ISBN
9788245011005
Publisert
2011
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1082 gr
Høyde
280 mm
Bredde
240 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Illustratør

Relaterte produkter