Det seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort. Denne boka handlar om 78 slike gamle båtar frå Vestlandet, båtar som forfedrane våre bestemt hevda var mykje meir enn berre eit tomt skal. Båtane var akkurat som mennesket: Dei hadde sjel. Her finn du historier om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, frå «Havsulen», bygd før 1860, til «Frøyabuen» bygd i 1958. Her er fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Det båtane har til felles er at alle har høyrt heime på Vestlandet, frå Rogaland til Nordmøre. «Båtar med sjel I» inneheld: - omtale av kvar einskild båt og dei som har arbeidd ombord - skildringar av livet ombord, kvardagsliv og dramatiske hendingar - grundige faktaopplysningar om kvar båt - eit eineståande biletmateriale med over 150 gamle foto Ny og revidert utgåve Malvin Toft (1934-2010) var fiskarbonde og skribent, fødd, oppvaksen og busett på Skorpa, ei øy i havgapet vest for Florø. Han var hovudforfattar i seks maritime bøker frå Selja Forlag: tre bøker i serien Båtar med sjel; Havet tok, Sildeeventyret og Krigsseglarar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401159
Publisert
2017
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
900 gr
Høyde
280 mm
Bredde
220 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
192

Forfatter