Her er artiklar som fortel om båtbruk og båtbygging I Ølve, Rosendal, Uskedalen, Sunde, Skånevik, Halsnøy, og Leirvik på Stord. I tillegg ein større artikkel som tek for seg båtbruken i heile Sunnhordland. Sjøen har i alle år vore vegen mellom bygdene i Sunnhordland - og er framleis ein mykje brukt og viktig ferdselsveg. Til fart i fjordane trengst båtar. Sunnhord-lendingane har lenge hatt eit av dei største båtbyggjarmiljø i landet. Denne utgåva av årboka tek for seg båtbygginga i Sunnhordland i siste del av 1800-talet og langt inn i 1900-åra. Her fanst byggjematerial i skogane og gode byggje-plassar på strender med trygge hamner - og ikkje minst dugande handverkarar som kunne faget sitt og sette si ære i å gjera godt arbeid. Båtbygging har alltid vore ein viktig industri i Sunnhordland og ein industri som har staka opp leia inn mot moderne tid, der det i dag er dei mest avanserte flytande konstruksjonane som forlét verftet for å dra på jobb verda rundt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281630666
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel Forlag AS
Vekt
823 gr
Høyde
217 mm
Bredde
227 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Redaktør