Livet må levast framlengs og forståast baklengs. Miljøvernaren Terje ligg på sjukehuset etter å ha tatt sitt eige liv. Vi følger han bakover i tid, først som vaksen, deretter som ungdom og til slutt som barn. Gradvis blir vi kjente med ei sår familiehistorie, Terjes glødande kjærleik til naturen og alle vala han tok eller ikkje tok. Kvifor blir eigentleg livet som det blir, og kva er samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet vi alle er ein del av? «Begynnelser» er ein vakker og svært aktuell roman om den komplekse menneskenaturen og naturen vi held på å øydelegge. «Først da sommarfuglen letta frå raudkløveren og eg prøvde å følge han med blikket mens han flaksa med rykkvise sikksakkbevegelsar innover i skogen, merka eg at auga mine var fylte opp av tårer. Vi menneske burde utvide nestekjærleiksbodet, tenkte eg, vi burde leve slik at dei andre artane saknar oss den dagen vår art er borte frå kloden.»
Les mer
8 CD-er

Produktdetaljer

ISBN
9788242173515
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Vekt
210 gr
Høyde
141 mm
Bredde
136 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
LydCD

Forfatter