Betzy kjelsberg (1866-1950) blei gjennom eit langt liv heile Norges Betzy. Kvinnesaksforkjemparen gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Her følgjer vi Betzy Kjelsberg som ei av dei første kvinnene i bystyret i Drammen, som ein sentral person i den norske kvinnerørsla, som fabrikkinspektør gjennom 25 år, og som ein aktiv representant for Norge både på internasjonale arbeidskonferansar (ILO) og i Det internasjonale kvinnerådet (ICW). Som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i landet sette ho seg i respekt hos arbeidsgivarane og vann tillit hos arbeidarane. Ho gjorde ein stor innsats for å betre arbeidsforholda og arbeidsmiljølovgivinga i industrien, for åttetimarsdag og lønt fødselspermisjon, og mot barnearbeid og overtid. Betzy Kjelsberg var også aktiv feminist, kvinneorganisator og politikar. Ho stifta mange kvinneorganisasjonar og var i partiet Venstre den første og einaste kvinna i landsstyret frå 1918 til 1938. I 1928 var det mange som etterlyste ei kvinne i regjeringa. Kvifor blei ikkje Betzy Kjelsberg sosialminister? Magnhild folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2013 arbeidde Folkvord som journalist i Klassekampen. Folkvord har også gitt ut biografien Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg (2013).
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter