Denne boka skal hjelpe deg på vegen til fagprøva i Bilfag, lette køyretøy. Ho tek for seg dei emna du må ha kunnskapar om for å gå opp til fagprøva, til dømes drivverket i bilen og bremsar, hjul, hjuloppheng og styresystem, motorstyring, hjulutrusting, klimaanlegg og elektronikk. Boka tek også for seg avgassar frå bilen og alternative framdriftsformer, til dømes elbilar. Du finn også litt stoff om bransjelære og gode råd til fagprøva. Til boka er det ein eigen nettressurs med oppgåver, lenkjesamlingar, illustrasjonar og filmklipp. Komponentar: - Lærebok Bilfag tunge køyretøy - Lærebok Bilfag lette køyretøy - Lærebok Bilskade, lakk og karosseri - Nettressurs Bilfag Karl A. Wikse har fagbrev, teknisk fagskole og meisterbrev innan Bilfag, lette køyretøy. Han har allsidig yrkeserfaring som mekanikar, teknikar, verksmeister, reklamasjonsansvarleg og seljar av verkstadutstyr. Han har vore opplæringsansvarleg i bedrift og er no kontaktlærar ved Sotra vidaregåande skule.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211020062
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
490 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
13 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
232

Forfatter