Eit forsøk på å finne ut kva det vil seie å vere mor. Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av - for kven blir ein om ein blir mor? Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på førstegongsfødande i Noreg aukar, og stadig fleire kvinner og menn har ikkje fått barn ved fylte førtifem. I «Bli mor no?» skriv Kristina Leganger Iversen personleg og politisk om valet ho står i. Ho undersøker kva morskapet tyder - historisk, økonomisk, i litteraturen og i hennar eige liv. Det handlar om å tenkje, tvile og så kanskje tørre å kaste seg ut i det.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252198690
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
377 gr
Høyde
210 mm
Bredde
138 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
253

Relaterte produkter