Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp - slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde - og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet. "Bror din på prærien" er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste "Slåttekar i himmelen".
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249515639
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Serie
Familien fra Rekneslia
Vekt
697 gr
Høyde
223 mm
Bredde
151 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
461

Forfatter

Relaterte produkter