Poetisk drøymeleik I denne vakre bildeboka møter vi ei jente og far hennar i ei tid prega av sorg. Dei to lever ut sorga på ulikt vis. Faren trekker seg inn i seg sjølv, medan jenta drøymer om broren ho har mista. Då jenta får faren med på drøymeleiken, skjer det noko stort og uventa. "Bror min" viser kor ulikt barn og vaksne kan tenke om sorg - og korleis dei ulike perspektiva saman kan gi både innsikt og krefter til å leve vidare, saman. Boka kan eigne seg for den som har mist nokon, men også som grunnlag for samtale med barn om kva døden er. "Bror min" er ei forteljing om sorg og håp og om dei heilande kreftene som vi alle ber på. Laura Djupvik (f. 1970) er forlagsredaktør og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier i Drammen. Ho debuterte med romanen "Båten er så liten" i 2004. Ho har skrive fleire bøker for vaksne, ungdom og barn. Øyvind Torseter (f. 1972) er ein prislønt forfattar og illustratør, og har blant anna vunne Deutscher Jugendliteraturpreis, Bokkunstprisen og Bologna Ragazzi Awards. Han er kjent for bøker som "Hullet", "Mulegutten" og "Altmuligmannen".
Les mer
'Bror min' fører oss tilbake til den personlege, djupe opplevinga av eksistensens mysterium, slik ein mårekna med at folk opplevde det før i tida. Dette attsynet er det Laura Djupvik sin tekst og Øyvind Torseter sine illustrasjonar formidlar til oss. Og det er useieleg vakkert.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234002489
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
392 gr
Høyde
247 mm
Bredde
195 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
56

Forfatter
Illustratør

Relaterte produkter